Opna hovudmenyen

Koordinatar: 50°59′00″N 12°26′00″E

Altenburg torg i ca. 1850

Altenburg er ein by som ligg lengst aust i den tyske delstaten Thüringen, nær grensa til Sachsen og Sachsen-Anhalt.

Mellom historiske personar med tilknyting til Altenburg står i første rekkje keisar Fredrik Barbarossa. Han oppheldt seg ofte i byen og hadde stor innverknad på utviklinga der. Seinare var Altenburg residensby for hertugdømmet Sachsen-Altenburg.

Innbyggjartalet i byen låg på det høgaste i 1981, med ein folkesetnad på 55 827. Sidan då har tala på innbyggjarar vorte redusert med rundt ein tredel, til det i 2007 låg på 36 703. Byen har eit areal på 45,60 km².

Den regionale flyplassen Leipzig-Altenburg lufthamn ligg 5 km aust-søraust for Altenburg (og 42 km sør for Leipzig).

OppfinningarEndra

  • Skat - Aust-Tyskt Kortspel
  • Gumpert - Sportsbil

BileteEndra

BakgrunnsstoffEndra