Opna hovudmenyen
Tre fotografi av ristningane på Altunasteinen. Til venstre er synt det motivet på den venstre smalsida som er plassert ovanfor motivet av guden Tors freistnad på å fiske Midgardsormen. Det midtre fotografiet syner framsida av steinen, og til høgre er synt ristninga på den den høgre smalsida.

Altunasteinen, eller Runinskrift U 1161 i det svenske registeret over runeinnskrifter, er ein bilet- og runestein som står utanfor Altuna kyrka i Enköpings kommun i Uppland. På Altunasteinen er fleire mytologiske motiv innrista. Mellom anna finst det på den eine smalsida eit motiv som har vorte tolka som den heide guden Tor i ferd med å freista å fiske Midgardsormen opp av havet, slik Snorre Sturlason har skildra i Den yngre Edda.

Guden Tor i båten medan han er i ferd med å fiske Midgardsormen

RuneinnskriftenEndra

Innskriften i runer er omsett slik til moderne svensk: «Vifast. Folkad(?). Gunnar(?) lät resa stenen efter sin far Holmfast och sin bror Arnfast. Far och son blev bägge innebrända. Och Balle och Frösten, Livstens följeslagare ristade.»


Plasseringa av steinenEndra

Steinen står ikkje på den opphavlege staden. Han vart funnen av K.A. Karlinder i 1918, og låg då innmura og overkalka i grunnmuren til eit gravkapell i Altuna kyrka. Karlinder sytte for at steinen vart teke ut og plassert utanfor kyrkja, der han framleis står. Materialet i steinen er granitt.

BakgrunnsstoffEndra