Amalie Eikeland

norsk fotballspelar

Amalie Vevle Eikeland (fødd 26. august 1995) er ein norsk fotballspelar som spelar for Reading og det norske landslaget.

Amalie Eikeland
Personleg informasjon
Fødd 26. august 1995
Fødestad Noreg
Posisjon Kant
Klubbinformasjon
Noverande lag
Reading FC
Nummer 9
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2011–2018 Arna-Bjørnar 166 (4)
2019 Sandviken 11 (1)
2019– Reading FC 62 (6)
Landslag
2010 Noreg J15 1 (0)
2011 Noreg J16 9 (7)
2012 Noreg J17 4 (2)
2012–2014 Noreg J19 23 (7)
2014–2018 Noreg U23 18 (3)
2016– Noreg 38 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022
‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022

Klubbfotball

endre

Eikeland debuterte i Toppserien for Arna-Bjørnar allereie som 15-åring.[1] Trass i for sin unge alder etablerte ho seg raskt i eit sterkt Arna-Bjørnar, og i 2012-sesongen scora ho 11 seriemål i en sesong som enda med bronse til Arna-Bjørnar.[2][3] Eikeland vart tildelt Statoils talentpris for september i 2013, og i 2014 vart ho av Bergensavisen kåra til Hordalands nest største idrettstalent.[4][5] Eikeland og Arna-Bjørnar tok bronse i Toppserien også i 2013, 2014 og 2018.

Etter mange år i Arna-Bjørnar, signerte Eikeland kontrakt med Sandviken før 2019-sesongen.[6] I august 2019 vart ho henta til Reading FC i Women's Super League, den øvste divisjonen i England.[7] I 2021 forlengde ho kontrakten med Reading.[8] Ho vart i 2022 kåra til både «årets spelar» og «spelaranes årets spelar» i Reading.[9]

Landslagsfotball

endre

Eikeland har landskampar for J15, J16, J17, J19, U23 og det norske A-landslaget.

Eikeland vart teken ut på det norske A-landslaget for fyrste gang i september 2016, saman med lagvenne i Arna-Bjørnar Vilde Bøe Risa.[10] Eikeland debuterte for A-landslaget i en kamp mot Israel den 19. september 2016.[11]

Eikeland var ein del av den norske troppen under VM i Frankrike i 2019.[12] Ho vart også teken ut til EM i England 2022.[13]

Kjelder

endre
  1. AS, TV 2 (31. juli 2016). «Debuterte i Toppserien som 15-åring». TV 2 (på norsk). Henta 29. juni 2022. 
  2. Rotnes, Hanne Hagen (11. november 2012). «Bronse til Arna-Bjørnar». Bergensavisen (på norsk). Henta 29. juni 2022. 
  3. Fotballforbund, Norges. «Amalie Vevle Eikeland - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 29. juni 2022. 
  4. AS, TV 2 (27. oktober 2013). «Amalie Eikeland er vinneren av Statoils talentpris for september». TV 2 (på norsk). Henta 29. juni 2022. 
  5. Kolstad, Jan Gunnar (28. desember 2014). «Her er fylkets største talenter!». Bergensavisen (på norsk). Henta 29. juni 2022. 
  6. «Sandviken henter tre nye spillere fra byrival Arna-Bjørnar». www.bt.no (på norsk bokmål). Bergens Tidende. 20. desember 2018. Henta 17. februar 2022. 
  7. Fenre, Truls (4. august 2019). «(+)Eikeland klar for Reading: – Kom et alvorlig bud». smp.no (på norsk). Sunnmørsposten. Henta 17. februar 2022. 
  8. Alexander Larsen (5. august 2021). «Eikeland forlenget med Reading – ingen retur til Norge». Norske Fotballkvinner (på norsk bokmål). Henta 17. februar 2022. 
  9. «Clean sweep for Amalie Eikeland at Reading FC's Gala night» (på engelsk). 5. mai 2022. Henta 6. mai 2022. 
  10. NTB, Tormod Bergersen OG (1. september 2016). «(+) Disse to kan juble for landslagsplass». Bergensavisen (på norsk). Henta 30. juni 2022. 
  11. «Kampreferat av Norge - Israel - 19.09.2016 17.55». fotball.no (på norsk). Norges Fotballforbund. 19. september 2016. Henta 17. februar 2022. 
  12. «Her er Norges VM-tropp». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 17. februar 2022. 
  13. «Norges tropp til EM i England | Norges Fotballforbund». kommunikasjon.ntb.no (på norsk). Henta 30. juni 2022.