Toppserien 2012
Avdelingar: 1
Lag: 12
Opprykk til: Øverste nivå
Nedrykk til: 1. divisjon 2013
Statistikk
Kamper: 132
Mål: 501
Mål per kamp: 3,795
Andre ligaer
Nivå 1: Toppserien 2012
Nivå 2: 1. divisjon 2012
Nivå 3: 2. divisjon 2012
Nivå 4: 3. divisjon 2012
Nivå 5: 4. divisjon 2012
Sesongar
2011 2013

Toppserien 2012 var den 26. sesongen av den øvste norske divisjonen i fotball for kvinner. Sesongen starta 14. april og vart avslutta den 11. november, med ein pause mellom 30. juni og 21. juli, på grunn av J19-EM, og frå 5. august til 21. september på grunn av U20-VM. Dette var fyrste gongen Toppserien vart utsett på grunn av meisterskap for aldersbestemde landslag. Røa var regjerande seriemeister, og dei to lagene som rykket opp før sesongstart var Vålerenga og Fart. Det var Vålerenga sin fyrste og Fart sin andre sesong i Toppserien.

Serien vart vunne av LSK Kvinner, som vann for fyrste gong. Stabæk tok sylv. Bronsen vart avgjort etter at Røa fekk poengtrekk og Arna-Bjørnar dermed tok bronsen på målforskjell. Fart rykka rett ned igjen, medan Kattem spelte kvalifisering, som vart introdusert før denne sesongen. Kattem vann over Medkila, men trakk seinere laget. Deretter vart plassen til Kattem tilbydd først Fart, som takka nei, og deretter Medkila, som takka ja.

Tabell

endre
# Lag K S U T Mål ± P
1 LSK Kvinner 22 18 2 2 66–17 49 56
2 Stabæk (N) 22 15 5 2 70–21 49 50
3 Arna-Bjørnar 22 14 5 3 61–21 40 47
4 Røa (S) 22 15 4 3 58–19 39 47**
5 Kolbotn 22 9 7 6 36–35 1 34
6 Sandviken 22 9 2 11 45–51 −6 29
7 Klepp 22 7 5 10 41–41 0 26
8 Vålerenga (O) 22 6 5 11 27–47 −20 23
9 Trondheims-Ørn 22 6 3 13 29–50 −21 21
10 Amazon Grimstad 22 5 5 12 25–35 −10 20
11 Kattem 22 5 3 14 34–56 −22 15*
12 Fart (O) 22 0 0 22 9–108 −99 0

*Kattem vart trekt eitt poeng 17. september for manglande rapportering,[1] og deretter to poeng 22. oktober på grunn av klubblisensbrot mot handlingsplan 2012.[2]
**Røa vart trekt to poeng 22. oktober på grunn av dårlig økonomi.[3]
Kjelde: fotball.no
Sist oppdatert: 12. november 2012 09:26 (CEST)

  Denne fotballartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.