Amanda Delara Nikman (fødd i 1997[1] i Sverige[2]), kjend som Delara, er ein norsk pop/R&B-artist.[3][4][5][6] Foreldra hennar innvandra frå Iran.[7]

Amanda Delara

Amanda Delara under Riddu Riđđu i 2018.
Fødd1997 (27 år)
FødestadSverige
FødenamnAmanda Delara Nikman
OpphavNoreg
Aktiv2017–
Sjangerpop, moderne R&B
Instrumentvokal
PlateselskapSony Music Entertainment, GR:OW Records
Verka somsongar
PrisarSpellemannprisen for årets utgivelse

Karriere

endre

Delara gav ut sin fyrste singel «Paper Paper» i mars 2017 på plateselskapet GR:OW Records. Låta klatra til topp 20 på Spotify Viral både i USA og globalt.[8] Hennar fyrste EP Rebel blei gjeven ut i juli same år med singlane «Dirhamz» og «New Generation».[9] Same år blei ho nominert til P3 Gull i klassen årets nykommar.[10] I november 2018 gav ho ut EP-en Running Deep og blei nominert til Spellemannprisen 2018 i klassen årets popartist for EP-en og singelen «Soldiers».[11] Same året gav ho ut songen «We don’t run from anyone». For låten «Nå er det oss» blei ho nominert til P3 Gull 2020 i klassen årets låt og til Musikkforleggerprisen 2021 i klassen årets verk - populærmusikk.[12][13] I 2021 nådde ho nummer to på hitlistene i Tyskland med singelen «Checka».[14]

I november 2023 gav Delara ut sitt fyrste album, Shahrazad.[15] For albumet fekk ho tre nominasjonar føre Spellemannprisen 2023, i klassane pop, årets utgjeving og årets tekstforfattar.[16]

Diskografi

endre

Album

endre
  • Shahrazad (GR:OW Records, 2023)

EP-ar

endre
  • Rebel (2017)
  • Running Deep (2018)
  • Et lite stykke Norge (2020)
  • Timepiece (2021)

Kjelder

endre
  1. «Amanda Delara Nikman». proff.no. Henta 10. oktober 2020. 
  2. Krager, Caroline (1. februar 2020). «Stilorama: Artisten Amanda Delara». melkoghonning.no. Henta 10. oktober 2020. 
  3. ««Jeg vil at vi skal snakke om norske verdier som verdier, ikke ting som brunost og vafler»». www.dagsavisen.no (på norsk). Henta 9. oktober 2020. 
  4. Afshary-Kaasa, Julia (31. mai 2023). «Ledestjernen om r&b, protestene i Iran og musikkvideoen med Alicia Keys». www.dn.no (på norsk). Henta 24. november 2023. «Denne kvelden har Amnesty invitert til støttekonsert for Iran, i samarbeid med den norsk-iranske popartisten Amanda Delara Nikman – som har skiftet artistnavn til Delara – og musikkselskapet Munor.» 
  5. Nwosu, Mariel N. Sand (11. mai 2023). «Norske Delara i Queen Charlotte». Utrop (på norsk bokmål). Henta 24. november 2023. 
  6. «Delara og definisjonsmakta». Dagsavisen (på norsk). 7. januar 2023. Henta 24. november 2023. «Jeg var femten da jeg tenkte: Er jeg norsk eller er jeg iraner? Artist Amanda Delara (25) sitter i stua si på Helsfyr i Oslo.» 
  7. Helgesen, Silje (10. januar 2020). «EP-aktuelle Amanda Delara: - - Det som skjer med Iran nå, det knuser hjertet mitt». kk.no (på norsk). Henta 9. oktober 2020. «Amanda er andregenerasjons innvandrer, som betyr at hun er født og oppvokst her, men at foreldrene opprinnelig er fra Iran.» 
  8. «Artist of the day 09/05: Amanda Delara». metro.co.uk (på engelsk). 16. juli 2017. Henta 16. februar 2019. 
  9. «Amandas revolusjon». dagbladet.no. 9. juni 2017. Henta 23. februar 2019. 
  10. «Disse er nominert til P3 Gull». ballade.no. 6. november 2017. Henta 16. februar 2019. 
  11. «Spellemann-glipp – nominert artist falt ut av listen». vg.no. 8. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  12. «Nominerte årets låt 2020». p3.no. 2. november 2020. Henta 21. november 2020. 
  13. «Nominasjonene er klare!». musikknyheter.no. 7. januar 2021. Henta 28. mars 2024. 
  14. «Offizielle Deutsche Charts». offiziellecharts.de (på tysk). Henta 24. november 2023. 
  15. «Plateanmeldelse: Delara – «Shahrazad»: Delaras verden». vg.no. 10. november 2023. Henta 28. mars 2024. 
  16. «Dette er dei nominerte til Spellemannprisen». nrk.no. 29. februar 2024. Henta 28. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre