Amandus Adamson
Amandus Heinrich Adamson (31. oktober 1855–26. juni 1929) var ein estisk skulptør og målar.
Amandus Adamson | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Estland |
Fødd | 31. oktober 1855 Paldiski |
Død | |
Yrke | bilethoggar, kunstmålar |
Amandus Adamson på Commons |
Amandus Adamson var fødd i Uuga-Rätsepa nær Paldiski i dåverande Russland, og voks opp i ein sjømannsfamilie. Han flytta til Sankt Petersburg 1875 for å utdanna seg i kunst på Det russiske kunstakademiet. Etter eksamen arbeidde han som skulptør og lærar i Sankt Petersburg, med studieopphald i Paris og Italia i tida 1887–1891. Her blei han påverka av dei franske bilethoggarane Jules Dalou og Jean-Baptiste Carpeaux.
Det best kjende verket til Adamson, Russalkamonumentet, blei skapt i 1902. Dette var tileigna dei 177 sjømennene som omkom då det russiske panserkledde orlogsfartøyet «Russalka» forliste i 1893 på veg frå Tallinn til Helsingfors. Bronsemonumentet førestiller ein engel som står på ein høg pilar.
I samband med den russiske revolusjonen og den estiske frigjeringskrigen vende Adamson i 1918 tilbake til heimbyen sin Paldiski i nordvestlege Estland. Her budde han livet ut.
Verk i utval
endre- Dei allegoriske skulpturane Handel, industri, vitskap og Kunstartene på fasaden til varehuset Jelissejef i Sankt Petersburg, bronse, 1902
- Russalkamonumentet, Kadriorg i Tallinn, 1902
- Allegorisk skulptur for Singerhuset, Sankt Petersburg, 1902–1904
- Båtar som har forlist, Sevastopol, 1904
- Tšempion ('Champion'), bronseskulptur over brytaren Georg Lurich, 1912
- Monument over den estiske fridomskrigen, 1928, øydelagt 1945
- Monument over Lydia Koidula, Pärnu. 1929
Galleri
endre-
Monument over den estiske fridomskrigen (original i Kuressaare)
-
Skipets siste time, i uglasert porselen, 1899
-
Russalkamonumentet i Tallinn
-
Monument over skip som blei søkkte, Sevastopol, Krim, 1905
-
Monument over Friedrich Reinhold Kreutzwald, Võru, 1926
-
Monument over Lydia Koidula, Pärnu, 1929
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amandus Adamson» frå Wikipedia på svensk, den 10. desember 2022.