Det russiske kunstakademiet

Det russiske kunstakademiet, òg kjent som St. Petersburgs kunstakademi, Det keisarlege kunstakademiet eller Repina, er eit kunstakademi som ligg i St. Petersburg. Det blei grunnlagt i 1757 av Ivan Sjuvalov. Ein henta inn kunstnarar frå utlandet for å undervisa ved akademiet, særleg frå Frankrike.[1]

Bygningen som husar akademiet blei bygd i 1764-89 etter teikningar av Jean-Baptiste Vallin de la Mothe og Aleksandr Kokorinov.

Katarina den store gav institusjonen namnet Det keisarlege kunstakademiet i 1764 og utnemnde samstundes den første rektoren, Aleksandr Kokorinov. Han fekk i oppdrag å teikna eit nytt bygg for akademiet.

Det tok 25 år å konstruera det nyklassisistiske byggverket ved elva Neva. Arkitekten Konstantin Thon var ansvarleg for ein overdådig dekor av interiøret. Han har òg teikna bryggekanten framfor bygningen og smykka han ut med to 3000 år gamle sfinksar som blei frakta frå Egypt.

Kjelder endre

  1. «Academy of Fine Arts | academy, Saint Petersburg, Russia», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 2. juli 2021 

Bakgrunnsstoff endre