Amazonium (namnsett etter Amazonislågsletta) er den gjeldande geologiske periodenMars og dekkjer minst halvparten av soga til planeten. Perioden byrja for kring 2,9 milliardar år sidan og kjem etter Hesperium. Han er særmerkt ved turre klimatiske tilhøve.[1]

Amazonislågsletta

I Amazonium har vinderosjon endra store delar av marsyta; men det har òg funnest vulkanisme, mellom anna i form av utbrot frå Olympusfjellet.[1]

Byrjinga til Amazonium er definert ved at bakken i Vastitas Borealis vart fylt opp med jamne avsetjingar.[2]

Kjelder

endre
  Denne geologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.