«Klima er det du forventar, vêret er det du får»

Robert Heinlein

Klima eller vêrlag er snittet av vêret i ein lengre tidsperiode for ein stad. Ordet kjem opphavleg frå gresk og tyder helling, med andre ord jordas helling i høve til solinnstrålinga. Klima var for grekarane ein måte å dele jorda inn i ulike klimasoner som hadde felles klimatiske eigenskapar. I dag vert klima òg nytta om globalt gjennomsnittsvêr i samband med klimaendringane.

Eit vêrkart er eit augneblunksbilde av klimaet
Eit klimadiagram frå Stuttgart i Tyskland, temperaturkurva er raud, og nedbøren er blå. Månadene i året er markert med romartal

Meteorologiske variablar som gjennomsnittleg nedbør i løpet av ein månad og daglege maksimums- og minimumstemperaturar over ein tidsperiode er nokre av variablane som fortel kva klima ein kan forvente i eit område. I tillegg består klima òg i kor ofte ein kan forvente visse vêrsituasjonar og ekstremverdiar (t.d. største målte nedbørsmengd). For å få eit klimatisk bilete over eit område treng ein som oftast målingar i ein periode på minst 30 år. Jo lengre måleperiodar ein har, jo betre oversikt over klimaet vil ein få. Parameterar ein måler er blant anna temperatur, nedbør, fukt, soltimar, skydekke, vindstyrke, maksimale vindkast og solstråling.

Breiddegraden er den viktigaste faktoren i å bestemme klimaet på ein stad. Dess nærare ekvator, dess meir solinnstråling og høgare temperatur. Ein annan viktig faktor er dei store havstraumane som transporterer varmen frå sola vekk frå ekvator. Det nordlege Newfoundland i Canada ligg til dømes på same breiddegrad som mykje av Norden, men medan nordlege Newfoundland har arktisk klima har Norden temperert klima på grunn av Golfstraumen. I tillegg vil høgde over havet, distribusjonen av land- og havmassar, vindsystem, fjellkjeder og meir påverke klimaet.

På same måte som vêret endrar seg frå dag til dag, endrar òg klimaet seg, men over mykje lengre tidsrom. Historiske nedskrivingar kan gi ein peikepinn på korleis klimaet har endra seg enkelte stader, men ein har òg andre metodar som gjer at ein kan seie noko om det generelle klimaet på jorda langt tilbake i tid. Tolkingar av årringar, korallar og prøvar frå permanente isbrear viser at klimaet har forandra seg og det finst mange teoriar som prøver å forklare desse endringane.

Forsking på klimaet dei siste 20-30 åra har òg vist at menneske har ein tydeleg innverknad på klimaet, særleg ved å sleppe ut gassar som påverkar dei atmosfæriske forholda. Det vert i dag forska mykje på korleis klimaet kjem til å endre seg dei neste hundre åra, og forskarane er langt frå einige om kva endringane blir og kor mykje av endringane som eventuelt er menneskeskapte og kor mykje som er naturlege klimaendringar. Ein er i dag likevel stort sett einige om at den globale temperaturen (gjennomsnittstemperaturen for heile Jorda) aukar, og vil kome til å auke i lang tid framover, og at mennesket har ein stor del av skulda for dette.

Klimasoner endre

Det finst fleire måtar å klassifisere globale klimasoner på. Dei fleste er basert på breie klimasoner mellom polarsirklane og vendekretsane. Området mellom dei to vendekretsane blir kalle låge breiddegrader, og klimatypen her blir vanlegvis kalla tropisk. Området mellom ein vendekrets og ein polarsirkel vert kalla midlare breiddegrader og desse områda har vanlegvis temperert klima. Området mellom ein pol og ein polarsirkel blir kalla høge breiddegrader der vi finn det arktiske klimaet.

I dag er det vanleg å dele jorda opp i fire hovudklimasoner etter Köppen si klimaklassifisering.

Denne generelle klassifiseringa blir ofte delt opp i maritime og kontinentale soner, sidan klimaet kan variere mykje mellom kyst- og innlandsområde:

Lokale vêrmønster innanfor desse klimasonene, gjer at klimaet enkelte stader kan avvike ein god del frå det generelle klimaet i klimasona. Derfor er klimasoner berre ei generell rettesnor på kva klima ein kan forvente.

Sjå òg endre

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)

Bakgrunnsstoff endre