Amble
Amble er ein by i grevskapet Northumberland i England ved kysten av Nordsjøen. Han har kring 6000 innbyggjarar og ligg ved munningen til elva Coquet og nær Coquet Island, som ligg like utanfor. Det verdslege soknet, som har bystatus, vert kalla Amble by the Sea.
Amble | ||
---|---|---|
Bukta ved Amble | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Northumberland | |
Distrikt | Northumberland | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
6 044 | |
Koordinatar | 55°20′N 1°35′W / 55.333°N 1.583°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NE65 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1665 | |
Det er to foreslåtte opphav til stadnamnet Amble. Det eine er at det kjem frå gælisk opphav frå «Am Béal», som tyder «elvemunning»,[1] medan det andre er at det kjem frå gammalengelske «Amma's/Anna's bile», som tyder «neset til Amma/Anna».[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amble» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 15. februar 2010, henta 21. juli 2011
- ↑ [1]