Ambleside
Ambleside er ein busetnad i civil parishet Lakes i grevskapet Cumbria i Nordvest-England. Staden ligg i distriktet South Lakeland ved nordenden av sjøen Windermere. Han ligg i nasjonalparken Lake District. Tettstaden (built-up area) hadde 2 529 innbyggjarar ved folketeljinga i 2011.[1] Ambleside var eit eige civil parish fram til 1974, då det blei del av Lakes.[2]
Ambleside | |||
busetnad | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Folketal | 2 600 | ||
Ambleside 54°25′57″N 2°57′44″W / 54.4325°N 2.9622222222222°W | |||
Wikimedia Commons: Ambleside, Cumbria |
Namnet kjem frå norrønt á - melr - sǽtr, som tyder 'elv - sandbanke - seter' eller 'sommarbeite ved sanbanken ved elva'.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Ambleside Built-up area - Local Area Report - Nomis». www.nomisweb.co.uk. Henta 14. juni 2020.
- ↑ «Westmorland South Registration District». UKBMD. Henta 5. januar 2022.
- ↑ Mills, A. D. (2011). «Ambleside» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-960908-6. doi:10.1093/acref/9780199609086.001.0001/acref-9780199609086-e-347.
- Denne artikkelen bygger på «Ambleside» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2022.