Cumbria
Cumbria er eit ikkje-metropolitansk grevskap i Nordvest-England. Cumbria vart skipa i 1974 og består av seks distrikt og har kring ein halv million innbyggjarar.
Cumbria | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap |
Opphav | 1974 |
Region | Nordvest-England |
Areal | 6 768 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
496 600 73,4 /km² |
Etnisitet | 96,7 % kvite 1,7 % andre |
Distrikt | |
![]() |
Cumbria er det tredje største grevskapet i England ut frå areal og grenser i vest til Irskesjøen, i sør til Lancashire, i søraust til North Yorkshire og i aust til County Durham og Northumberland. Skottland ligg i nord.
Grevskapet er hovudsakleg landleg og her ligg mellom anna Lake District med Lake District nasjonalpark, som vert rekna som eit av dei vakraste områda i Storbritannia. Mykje av grevskapet er fjellendt og det høgaste punktet i grevskapet (og England) er Scafell Pike på 978 meter over havet. Alle fjella i England på over 900 meter over havet ligg i Cumbria.
Delar av Hadrians mur ligg lengst nord i grevskapet, i og rundt Carlisle.
HistorieEndra
Namnet «Cumbria» har same rot som det walisiske namnet på Wales, Cymru (latinisert Cambria), som opphavleg tydde landsmenn på gammalwalisisk.[1]
Grevskapet Cumbria vart skapt i 1974 frå områda som tidlegare hadde høyrt til dei administrative grevskapa Cumberland og Westmorland, County Borough of Carlisle, samt North Lonsdale eller Furness i Lancashire (inkludert Barrow-in-Furness) og frå West Riding of Yorkshire kom Sedbergh Rural District. Namnet «Cumbria» har derimot vorte nytta for dette området i mange hundreår.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Cumbria» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell turistside Arkivert 2011-09-24 ved Wayback Machine.
- The Cumbria Site
- Go Lakes