Amesbury
Amesbury er ein by i grevskapet Wiltshire i England. Han har kring 9000 innbyggjarar. Han er mest kjend for det førhistoriske monumentet Stonehenge som ligg i soknet, og for oppdaginga av Amesbury Archer, leivningane etter ein mann frå bronsealderen, som av pressa vart kalla «kongen av Stonehenge».
Amesbury | ||
---|---|---|
Hus i Amesbury | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Wiltshire | |
Distrikt | Wiltshire | |
Grunnlagd | 979 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
8 907 | |
Koordinatar | 51°10′N 1°47′W / 51.167°N 1.783°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SP4 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1980 | |
Eleanor av Provence, dronning av England, døydde i Amesbury den 24. eller 25. juni 1291, og vart gravlagd i Amesbury Abbey.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Amesbury» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2011.