Amfi Moa
Amfi Moa er eit kjøpesenter i Ålesund som tilhøyrer Olav Thon Gruppen. Med ein omsetnad på 2,84 milliardar kroner i 2017 er Amfi Moa landet sitt tredje største målt i omsetnad.[1]
Kjøpesenteret husar omlag 170 butikkar.[2] Senteret er fordelt på tre bygningsmassar kalla Nord, Sør og Øst[3] med eit samla areal på 107 750 kvadratmeter. Ei pågåande utbygging med ein prislapp på 600 millionar kroner vil hausten 2018 resultera i at Amfi Moa vert det største kjøpesenteret i landet målt i areal.[4]
Området kjøpesenteret ligg på er eit tidlegare landbruksområde, der mellom anna Moa gard låg. Området vart i 1970 omregulert til næringsføremål, og det første varehuset i området opna i 1972. Dagens Amfi Moa kjem frå Moa Butikksenter (opna 1983), Moa Sør (opna 1991) og Moagård (opna 1995, kjøpt opp av Amfi Eiendom i 1999). Første samanslåing skjedde i 2000 då Moa Butikksenter og Moa Sør vart bygd saman med gangbru, og tok namnet Stormoa. Amfi Eiendom kjøpte det meste av Stormoa i 2003 som dermed bana veg for samanslåing med Amfi Moagård. Kjøpesentera fekk etter dette namnet Amfi Moa.[5]
Referansar
endre- ↑ Smp.no (3. januar 2018). «Amfi Moa omsatte for 2,8 milliarder». smp.no (på norsk bokmål). Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Om AMFI Moa | AMFI Moa». www.amfi.no (på norsk).
- ↑ NRK. «Slik ble Moa Norges største kjøpesenter». NRK (på norsk bokmål). Henta 28. mars 2018.
- ↑ Parr, Odd Steinar. «Olav Thon satser milliarder i Ålesund og Bergen - hegnar.no» (på norsk). Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Historiske tilbakeblikk» (PDF).
- Denne artikkelen bygger på «Amfi Moa» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2018.