Ammókhostosbukta
Ammókhostosbukta (gresk Κόλπος της Αμμόχωστου, Kólpos tis Ammókhostou, tyrkisk Mağusa Körfezi) eller Famagustabukta er bukta mellom halvøya Karpasía og turiststaden Protaras på Kypros. Ho er kalla opp etter byen Ammókhostos, som ligg om lag midt i bukta. Den antikke bystaten Salamis ligg òg i bukta, nord for Ammókhostos. Bukta er kjend for dei kilometerlange sandstrendene.