Opna hovudmenyen

Ammatour eller Aammatour (عمّاطور) er ein fjellandsby i Shouf (Al-Shouf) distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon. Han ligg 57 km søraust for Beirut, i ei høgd mellom 800 og 1 050 meter over havet. Namnet «Ammatour» kjem frå 'Ain Maa Tour', som tyder «fjellkjelde». Landsbyen er rik på vasskjelder med mange kjelder og elvar.

Ammatour
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Chouf distrikt
Høgd 800-1 050 moh.
Koordinatar 33°38′41″ N 35°36′31″ E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ammatour

Landsbyen er busett av kring 5 000 innbyggjarar, hovudsakleg drusarar med ein kristen minoritet av greske melkittiske katolikkar og maronittar.

KjelderEndra