Chouf distrikt

(Omdirigert frå Shouf)

Chouf (òg skrive Shouf, Shuf eller Chuf, på arabisk جبل الشوف Jebel ash-Shouf) er ein historisk region i Libanon, og eit administrativt distrikt i guvernementet (mohafazat) Libanonfjella.

Chouf distrikt
جبل الشوف
distrikt
Chouffjella
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Adm. senter Beiteddine
Koordinatar 33°41′N 35°49′E / 33.683°N 35.817°E / 33.683; 35.817
Areal 495 km²
Tidssone EST (UTC+2)
Kart
Chouf distrikt
33°41′44″N 35°34′49″E / 33.695555555556°N 35.580277777778°E / 33.695555555556; 35.580277777778
Plassering i Libanon
Plassering i Libanon
Plassering i Libanon
Wikimedia Commons: Chouf District

Regionen ligg søraust for Beirut og består av ei smal kyststripe kjend for den kristne byen Damour, og landsbyane og fjella i vestsida av Jabal Barouk, det lokale namnet på denne delen av Libanonfjella. Chouf ligg i hjartet av det libanesiske drusar-samfunnet og drusarleiaren Walid Jumblatt bur i Jumblatt-palasset i byen Moukhtara. Emirane av Libanon brukte å bu i Chouf, mellom anna Bachir Chehab II, som bygde det storslått palasset Beiteddine på første halvdel av 1800-talet. Ein annan historisk by, like nedanfor Beiteddine, er Deir al Qamar (Måneklosteret).

Baakline, ein annan stor og historis by i Chouf, brukte å vere hovudstad i dei gamle Libanonfjella, der drusar-amiren Fakher El-Deen II vart fødd. Han var godt likt av både kristne og drusarar. Han flytta til Deir al Qamar på grunn av vassmangel i Baakline.

Chouf er eit levande bevis på at maronittiske kristne og drusarar kan leve side om side i fred, sjølv om det har vore fleire valdelege samanstøytar mellom dei to gruppene i 1848, 1860, og siste gong i 1983-1984 under den libanesiske borgarkrigen (Fjellkrigen, arabisk Harb el-Jabal). Under sistenemnte slo Progressivt sosialistparti (PSP), eit tradisjonelt drusarorientert parti, Libanesiske Styrkar (LF), som bestod av maronittiske kristne. Fred mellom dei to samfunna kom til 8. august 2001, då den maronittiske patriarken kardinal Mar Nasrallah Boutros Sfeir gjorde ei historisk vitjing i Chouf og møtte drusarleiaren Jumblatt.

Trass i den blodige historia, er Chouf eit av dei best bevarte libanesiske distrikta og naturen har i stor grad blitt spart for den intense utbygginga som har øydelagd nabolaga Metn og Kesrouan. Dei største skogane av libanonseder ligg i fjellsida av Jabal Barouk.

Demografi endre

Trass i dei historiske stridane mellom kristne maronittar og drusarar, er Chouf distrikt framleis ein av dei mest religiøst mangfaldige regionane i Libanon. Drusarane utgjer den størset gruppa, men det finst òg mange sunnimuslimar, maronittar og gresk-katolikkar, i tillegg til ei mindre gruppe sjiamuslimar. Kring 70 % av regionen er muslimar, medan resten er kristne.

Byar og landsbyar endre

Kjelder endre