Ammerån
Ammerån er ei elv i Strömsund og Ragunda kommune i det nordaustre Jämtland i Sverige. Elva, som er ei sideelv til Indalsälven, er kjent for sitt gode fiske. Den eigentlege Ammerån er rundt 70 kilometer lang og renn frå Hammerdalssjön (302 moh) til munningen i Indalsälven nær bygda Ammer, 10 km nordaust for Hammarstrand.
Ammerån | |||
elv | |||
Ammerån i mars
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Län | Jämtlands län | ||
Nedslagsfelt | 3 098 km² | ||
Lengd | 70 km | ||
Vassføring | |||
• middel | 45 m³/s | ||
Kjelde | Hammerdalssjön | ||
• høgd | 302 moh. | ||
Munning | |||
- koordinatar | 63°09′15″N 16°13′05″E / 63.15417°N 16.21806°E | ||
Ammerån 63°09′21″N 16°13′26″E / 63.1559°N 16.2239°E | |||
Wikimedia Commons: Ammerån |
Dei to viktigaste tilløpselvane til Ammerån er Storån og Öjån, der Storån vert rekna som hovudtilløp. Begge elvane munnar ut i Hammerdalssjön. Rekna frå kjelda til Storån er Ammerån totalt 199 kilometer lang.[1] Det finst få andre sideelvar, men nemnast kan Halån, Borgan, Målån og Färsån. Det totale nedslagsfelt til Ammerån er 3 098 km².[2]
Ammerån har vore aktuell for vasskraftutbygging, men protestane vart store, og Ammerån er no i staden verna mot vasskraftutbygging. Den delen av elva som byrjar ved Solbergsvattnet like nedanfor Edeforsen og held fram seks mil nedstraums er sidan 2003 verna som naturreservat.
Den største byen i nedslagsfeltet til Ammerån er Hammerdal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ammerån» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ SMHI, Vattendragsregister
- ↑ SCB, Skyddad natur 31 dec 2007