Sekund

Si-eining for tid

Eit sekund er den grunnleggjande eininga innan tidsrekning, og er blant dei sju grunneiningane i SI-systemet. Fleire av dei andre SI-einingane er definerte ut frå sekundet.

I vanleg bruk er eit sekund lik 1/60 minutt, eller 1/3600 time, eller 1/86400 døgn. I vitskapen er sekundet teknisk definert i høve til strålinga frå cesium-133 atomet ved 0 K.

Ordet sekund kjem frå latinsk pars minuta sekunda, andre mindre del, og viser til at sekund er ein mindre del av minutt som igjen er ein mindre del av ein time.

Definisjonar av sekund endre

Sidan 1967 er sekundet definert som varigskapen av 9 192 631 770 periodar av strålinga som svarar til overgangen mellom dei to hyperfine nivåa av grunntilstanden til cesium-133 atomet ved det absolutte nullpunktet, 0 K. (Frekvensen av denne strålinga er dermed 9 192 631 770 hertz, eller ca. 9,19 GHz.)

Frå 1960 var sekundet definert som 1/31.556.925,9747 av det tropiske året pr. 0. januar 1900 kl. 0000. Ut frå dette var eit år lik 365,242 døgn. Lengda på sekundet var den same i denne definisjonen som ho er i dag.

Før dette var sekundet definert som 1/86400 av eit gjennomsnittleg soldøgn.

I gamal tid blei eit sekund rekna som tida mellom to hjarteslag i kvile.

Sjå òg endre