Amrum
Amrum Lokalt namn: Oomram | |
---|---|
![]() Strand på Amrum | |
Geografi | |
Stad | Vadehavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Dei nordfrisiske øyane
|
Areal | 20,46 km²
|
Administrasjon | |
Land | Tyskland |
Landkreis Delstat |
Nordfriesland Schleswig-Holstein
|
Demografi | |
Folketal | 2 300 |
Folketettleik | 112 /km² |
Amrum (frisisk: Oomram) er ein av Dei nordfrisiske øyane i Tyskland. Øya ligg i Nordsjøen og er ein del av distriktet Nordfriesland i delstaten Schleswig-Holstein. Ho har eit areal på 20 km² og om lag 2 300 innbyggjarar.
Det er fem landsbyar på austkysten: Wittdün, Nebel, Norddorf, Süddorf og Steenodde. Den vestlege halvdelen av øya består stort sett av store sanddyner. Den høgaste av desse er 32 meter.
Medan Nebel, Norddorf og Steenodde er svært gamle frisiske bygder, vart Wittdün grunnlagd som ein badeby på 1800-talet. Han har dagleg ferjesamband med Dagebüll på fastlandet og Wyk (på Föhr). Det er lov med bilar på øya.
Dei tre kommunane på øya, Nebel, Norddorf og Wittdün høyrer til amtet Föhr-Amrum
BakgrunnsstoffEndra
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amrum
KjeldeEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Amrum frå Engelsk Wikipedia .