Opna hovudmenyen

Amund Rasmusson Skarholt (31. mars 189228. april 1956) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Orkdal, som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1934 til han døydde i 1956.

Amund Skarholt
Amund Rasmussen Skarholt.jpg
Fødd 31. mars 1892
Orkdal
Død

28. april 1956

Yrke politikar, bonde

Skarholt var son til ein gardbrukar i Orkdal. Han gjekk Skjetlein landbruksskole åra 1911-13, og tok over farsgarden Skarholt i 1916.

I 1918 melde Skarholt seg inn i Det norske Arbeidarparti. Etter partiet vart splitta i 1923, fylgde han minoriteten og var dei fire neste åra medlem i Orkdal-avdelinga av det nyskipa Norges Kommunistiske Parti. Då Arbeidarpartiet og sosialdemokratane vart samla att i 1927, melde han overgang til det samla Arbeidarpartiet.

Skarholt var medlem av heradsstyret i Orkdal frå 1919 til 1951, mest heile denne lange perioden med plass i formannskapet. Han var formann i jordstyret i Orkdal 1920-25.

Til stortingsvalet 1933 fekk Skarholt andreplassen på Sør-Trøndelag Arbeidarparti si valliste, og stod dermed på «sikker» stortingsplass. Gjennom attval dei neste fire stortingsvala vart han sitjande på Stortinget til han døydde våren 1956, halvtanna år før hans femte valperiode gjekk ut. Alle åra frå 1945 var han medlem i Landbrukskomiteen, og var visesekretær i Lagtinget.

KjelderEndra