Anarkafeminisme
Anarkafeminismen er ein politisk filosofi som kombinerer anarkisme og feminisme. Sjølv om kampen mot staten og andre former for autoritetar stod sterkt hos tidlegare feminister av 1900-talet, var det dei nyare feministgruppene frå 1960-åra som bygde på ein anarkistisk praksis.
Anarkafeministar peikar på at autoritative vegar og verdiar, slik som dominans, utbytting, aggresjon, konkurranse osv., er høgt verdsett i hierarkiske samfunn, og er tradisjonelt sett på som «maskuline». I kontrast til dette er anti-autoritære verdiar, som kooperasjonar, deling, medkjensle, sensitivitet, varme osv., sett på som «feminine» verdiar og er dermed mindre verdsette. Feminine vitskapskvinner har følgt dette fenomenet tilbake til framveksten av patriarkalske samfunn under den tidlege bronsealderen, og sigeren deira over det kooperativt oppbygde samfunnet kor «feminine» verdiar var rådande og respekterte. Etter sigeren over desse samfunna blei slike verdiar sett på som «dårlege», særleg for menn, sidan menn var ansvarlege for dominering og utbytting. Derfor har anarkafeministar referert til skipinga av eit ikkje-autoritært anarkistisk samfunn bygd på kooperasjon, deling, gjensidig hjelp osv. som feminisering av samfunnet. Anarkafeministane meiner at det ikkje er mogeleg å «feminisere» samfunnet utan sjølvstyring og desentralisering. Dette fordi dei patriarkalske verdiane dei ønskjer å styrte er innebygd i hierarki.
Som alle andre anarkistar meiner anarkafeministar at personleg frigjering er nøkkelen til likskap og fridom. Emma Goldman skreiv: «- Utvikling hennar, fridomen og sjølvstendet hennar må komme frå og gjennom henne sjølv. Først gjennom å hevde seg sjølv som eit individ, og ikkje eit sexobjekt. Så ved å nekte andre retten over kroppen hennar; nekte å bere barn om ho ikkje ønskjer det sjølv, nekte å vere ein tenar av Gud, staten, samfunnet, ektemannen, familien osv., ved å gjere livet lettare, men djupare og rikare. Ved å forsøke å lære meininga med livet i all kompleksitet, ved å fri seg frå frykta for samfunnet sine meiningar og samfunnet sine fordømmingar.»[1]
Anarkafeministar freistar å passe på at feminismen ikkje blir influert og dominert av autoritære ideologiar, enten frå venstre eller høyre. Dei rår til direkte aksjon og sjølvhjelp framfor reformistiske kampanjar som den «offisielle» feministrørsla favoriserer når ho lagar hierarkiske og sentraliserte organisasjonar.
Anarkafeministar går også imot den «offisielle» feministrørsla i synet på kjønnskvotering. Dei meiner at det å få fleire kvinnelege leiarar, politikarar og soldatar ikkje er eit skritt i rett retning. Leiareigenskapane ei kvinne treng å lære seg for å leie kapitalistiske selskap er teknikar for å kontrollere og utnytte arbeidskraft, medan «feminisering» av samfunnet betyr å avskaffe leiarar og kapitalistisk lønsslaveri. «- Vi ønskjer ikkje å byte eit maskulint hierarki med eit feminint hierarki.»[2]
Det skjer ofte at mannlege anarkistar, fordi dei i teorien er imot kjønnsdiskriminering, trur at dei ikkje er «sexistar» i praksis. Anarkafeministar meiner dette er feil, og har alltid fått fram spørsmålet om samsvar mellom teori og praksis fram i lyset.
Historie
endreAnarkisme og feminisme har alltid vore nært relaterte. Mange framståande feministar har også vore anarkistar, inkludert pioneren Mary Wollstonecraft, Louise Michel, Voltairine de Cleyre og sjølvsagt Emma Goldman. Freedom, verdas eldste anarkistavis, blei grunnlagt av Charlotte Wilson i 1886. I tillegg, alle dei store anarkistiske tenkarane, bortsett frå Proudhon, stødde jamstellingskampen. Frie kvinner rørsla i Spania under den spanske revolusjonen er eit klassisk eksempel på kvinnelege anarkistar som organiserer seg sjølv for å forsvare fridomen sin og å byggje eit samfunn tufta på like rettar mellom kjønna. Marilyn French meinte at den første lagdelinga i samfunnet kom då menn starta med å herske over kvinner, slik at kvinnene blei ein lågare sosial klasse.
Kjelder
endre- Bibliografi
- Ackelsberg, Martha (2005). Free Women of Spain: Anarchism and the Struggle for the Emancipation of Women. AK Press. ISBN 978-1-902593-96-8.
- Bottici, Chiara (2017). «Bodies in plural: Towards an anarcha-feminist manifesto». Thesis Eleven 142: 99–111. doi:10.1177/0725513617727793.
- Brown, L. Susan (1995). «Beyond Feminism: Anarchism and Human Freedom». Reinventing Anarchy, Again. San Francisco: AK Press. s. 149–154. ISBN 978-1-873176-88-7.
- Cornell, Andrew (2016). Unruly Equality: U.S. Anarchism in the Twentieth Century. University of California Press. ISBN 9780520286757.
- Dunbar-Ortiz, Roxanne, red. (2002). Quiet Rumours: An Anarcha-Feminist Reader. Dark Star. ISBN 978-1-902593-40-1.
- Ferguson, Kathy (2011). «Emma Goldman: Political Thinking in the Streets». University of Hawaii. Arkivert frå originalen 28. oktober 2020. Henta 29. august 2022.
- Goldman, Emma (1969) [1917]. Anarchism and Other Essays (3. utg.). New York: Dover Publications. ISBN 978-0-486-22484-8.
- Guglielmo, Jennifer (2010). Living the Revolution: Italian Women's Resistance and Radicalism in New York City, 1880-1945. University of North Carolina Press. s. 160–162. ISBN 9780807898222.
- Liu, Lydia; Karl, Rebecca E.; Ko, Dorothy, red. (2013). The Birth of Chinese Feminism: Essential Texts in Transnational Theory. New York: Columbia University Press. ISBN 9780231162906.
- Shannon, Deric (2009). "Articulating a Contemporary Anarcha-Feminism." Theory in Action 2 (3): 58–74. doi:10.3798/tia.1937-0237.09013.
- Wexler, Alice (1984). Emma Goldman: An Intimate Life. New York: Pantheon Books. ISBN 978-0-394-52975-2.
- Zimmer, Kenyon (2015). Immigrants against the State: Yiddish and Italian Anarchism in America. University of Illinois Press. ISBN 9780252097430.
- Denne artikkelen bygger på «Anarkafeminisme» frå Wikipedia på bokmål, den 5. januar 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstader
- Anarcha-feminism ved Curlie
- Anarcha-Communist Gender news
- anarcha-feminist articles at The anarchist library
- Modern anarchist writings by women
- Litteratur
- Graham, Robert (red.). Anarchism: A Documentary History of Libertarian Ideas, Volume One: From Anarchy to Anarchism (300CE-1939). Black Rose Books. ISBN 978-1-55164-251-2.. Includes material by Louise Michel, Charlotte Wilson, Voltairine de Cleyre, Emma Goldman, Lucia Sanchez Soarnil (Mujeres Libres), and Latin American (Carmen Lareva), Chinese (He Zhen) and Japanese (Ito Noe and Takamure Itsue) anarcha-feminists.
- Ellenbogen, Helene (Fall 1977). «Feminism: The Anarchist Impulse Comes Alive». Open Road (4). s. 8, 13.
- Guglielmo, Jennifer. «Donne Sovversive: The History of Italian-American Women's Radicalism». Order Sons of Italy in America. Arkivert frå originalen June 25, 1998.
- Ibárruri, Dolores (1984). Memorias de Pasionaria, 1939-1977: me faltaba España. Editorial Planeta. ISBN 978-8-4320-5830-1.
- Marsh, Margaret S. Anarchist Women, 1870–1920, Temple University Press, 1981. ISBN 978-0-87722-202-6.
- Marshall, Peter. Demanding the Impossible: A History of Anarchism. London: HarperCollins, 1992. ISBN 978-0-00-217855-6.
- Weber, Lindsay G. (April 2009). On the Edge of All Dichotomies: Anarch@-Feminist Thought, Organization and Action, 1970-1983 (Thesis). Wesleyan University. Focuses on anarcha/o/x-feminism in the US.
- Mikiso Hane, Peasants, Rebels, Women, and Outcastes: The Underside of Modern Japan, 2nd Ed. Maryland: Rowman & Littlefield Publishers, Inc., 2003. 247-292.
- Mikiso Hane, Reflections on the Way to the Gallows: Rebel Women in Prewar Japan. University of California Press and Pantheon Books, 1988.