Louise Michel

fransk poet og lærar

Louise Michel (18301905) var ein fransk anarkist, lærarinne og aktiv som ambulansekvinne under Pariskommunen 1871.

Louise Michel
Louise Michel, grayscale.jpg
Fødd 29. mai 1830
Vroncourt-la-Côte
Død

10. januar 1905
Marseille

Yrke lærar, lyrikar, pedagog, skribent, journalist, communard, anarkist, politikar, freemason, skribent
Louise Michel på Commons
Louise Michel i uniform.

Da ho vart arrestert etter kommunen fall, vart ho deportert til kolonien Ny-Caledonia, der ho var frå 1873-1880. Medan ho var der, dreiv ho agitasjon blant urfolket mot kolonimakta.

Tilbake i Paris heldt ho fram si politiske gjerning. Ved eit høve leidde ho ein demonstrasjon mot fattigdomen og til Pariskommunen sitt minne. Dei trong ei fane av noko slag, og Louise tok da av seg den svarte silkeunderkjolen sin og festa han på eit kosteskaft. På det viset skal anarkismen ha fått den svarte fana si.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Louise Michel
  • Albert Jensen: Louise Michel (Den Röda Jungfrun). A H Förlag, Sthlm 1915.
  Denne historieartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.