Vesleasia

(Omdirigert frå Anatolia)

Vesleasia eller Anatolia er ei nemning på området mellom Svartehavet, Egearhavet og Middelhavet som særleg vart brukt i oldtida. Det vil altså seie at Vesleasia stort sett svarar til det noverande Tyrkia. Ein delte det inn i landskapa Kappadokia, Pontos, Paflagonia, Bitynia, Galatia, Frygia, Mysia, Troas, Aiolis, Lydia, Karia, Lykia, Milyas, Kabalia, Pamfylia, Pisidia, Lykaonia, Isauria og Kilikia.

Satellittbilde av Anatolia.

I oldtida var landområdet kjent for mange viktige folk og rike, og for mange viktige hendingar. Her eksisterte i tidleg tid Hattusas-riket, som ein vanlegvis meiner var grunnlagt av hettittar. Her eksisterte òg fleire store rike samtidig med den hellenistiske kultur. Til dei høyrte riket til kong Krøsus av Lydia. Seinare var det òg i dette området at Konstantin utførte dei fleste av bedriftene sine.

I gamal tid budde det mange folk her som snakka anatoliske språk, som høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Seinare vart dei blanda opp med grekarar.