Anberlin
Anberlin er ei USA-amerikansk rockegruppe frå Winter Haven i Florida.
Anberlin | |||
Stephen Christian og Anberlin i Hong Kong i 2011. | |||
Opphav | Winter Haven, Florida, USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2002 - | ||
Sjanger | Alternativ rock | ||
Plateselskap | Universal Recordings Records, Island Records, Tooth & Nail Records | ||
Medlemmer | Stephen Christian Deon Rexroat Joseph Milligan Nathan Young Christian McAlhaney | ||
Tidlegare medlemmer | Nathan Strayer Joey Bruce |
Historie
endreStephen Christian og Deon Rexroat møttest på high school og danna den kristelege gruppa SaGoh 24/7, som spelte pønkrock. Dei fekk med Joseph Milligan på gitar og ein trommeslagar, og gav ut to album: Servant After God's Own Heart (1999) og Then I Corrupt Youth (2001). Trommeslagaren forlét bandet etter 2001 og Nathan Young kom inn i staden. Gruppa gjekk bort frå pønk-rocken, tok namnet Anberlin og signerte platekontrakt med det kristne selskapet Tooth & Nail Records.
Debutalbumet Blueprints for the Black Market (2003) og oppfylgjarane Never Take Friendship Personal (2005), Cities (2007) og Lost Songs (2007) kom alle ut på Tooth & Nail Records. Lost Songs var ei samling av uutgjeve materiale, demoar, B-sider, etc. I 2007 bestemte gruppa seg for å skifta plateselskap til Universal Republic Records. Fyrste plata på det nye plateselskapet fekk tittelen New Surrender (2008). I 2010 gav dei ut Dark Is the Way, Light Is a Place, som foreløpig er deira siste studioalbum.
Diskografi
endre- Blueprints for the Black Market (2003)
- Never Take Friendship Personal (2005)
- Cities (2007)
- Lost Songs (2007)
- New Surrender (2008)
- Dark Is the Way, Light Is a Place (2010)
Kjelde
endre- Denne artikkelen byggjer på «Anberlin» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2012.