Hongkong
Hongkong (Xiānggǎng eller Heunggong) er ein spesiell administrativ region sør i Fastlands-Kina, omkrinsa av provinsen Guangdong. Hongkong ligg på ei halvøy kalla «dei nye territoria» og på øya Hong Kong. Hongkong har om lag 6,8 millionar ibuarar. Bruttonasjonalproduktet i regionen er på over 200 milliardar US-dollar, noko som gjer Hongkong til ein viktig del av verdsøkonomien.
![]() |
![]() |
Hongkong sitt flagg | Hongkong sitt emblem |
![]() | |
Status | Spesiell administrativ region i Folkerepublikken Kina |
---|---|
Chief executive | Carrie Lam |
Hovudstad | Hongkong |
Offisielt språk | Engelsk, kinesisk (kantonesisk) |
Areal - % vatn |
1104 km² 4,6 % |
Folketal - totalt |
ca. 7 041 000 (2005) |
Verdsdel | Asia |
Internet-domene | .hk |
Tidssone | UTC +8 |
Internasjonal telefonkode | +852 |
Nasjonalsong | 'Marsjen til dei frivillige' (義勇軍進行曲) |
Historie Endra
Under den første opiumskrigen i 1841 okkuperte britane øya, og Kina oppgav ho året etter. Ho vart deretter ein britisk koloni og eit viktig handelssentrum. Under den andre opiumskrigen fekk britane kontroll over hele Kowloon. I 1898 fekk britane ei leigeavtale for dei nye territoria for 99 år. Etter at kommunistane tok makta, kom ein million flyktningar til Hongkong, som voks og vart ein viktig industriby i verda. Folkerepublikken Kina vegra seg mot å krevje området attende, men Folkerepublikken Kina og Storbritannia vart i 1997 samde om at heile Hong Kong-området skulle overtakast av Folkerepublikken, og bli ein spesiell administrativ region. Den 1. juli overtok Folkerepublikken suvereniteten, men avtala slo fast at Hong Kong fekk rett til å halde fram med kapitalistisk økonomi og demokratisk styre i minst 50 år. Regjeringa i Beijing har i ettertid likevel forsøkt å vedta lover som reduserer Hong Kongs sjølvstyre, noko som har ført til massive protestar og demonstrasjonar.
Utdanning Endra
Universitet er mellom anna Hongkongs polytekniske universitet[1] (også kalla PolyU), Lingnan-universitetet,[2] The Education University of Hong Kong[3] og Chinese University of Hong Kong.
Galleri Endra
Kjelder Endra
- ↑ Holm, Gro (17. november 2019), «Politiet stormer universitet i Hongkong: Demonstranter har tent på inngangen», NRK (på norsk bokmål), henta 18. november 2019
- ↑ Strømmen, Kjersti (16. november 2019), «Kinesiske studenter: – Vi angrer på studier i Hongkong», NRK (på norsk bokmål), henta 18. november 2019
- ↑ University title approved, HK Government news, 26. januar 2016