Andímilos
Andímilos (gresk Αντίμιλος), òg kalla Antimelos, er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg 20 km nordvest for Mílos.
Andímilos | |||
øy | |||
Land | Hellas | ||
---|---|---|---|
Del av | Kykladane | ||
Areal | 8,00 km² | ||
Folketal | 0 (2021) | ||
Andímilos 36°47′N 24°14′E / 36.79°N 24.24°E | |||
Wikimedia Commons: Antimilos |
Andímilos høyrer til kommunen Mílos, som er ein del av periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Øya har ingen busetnad.[1]
Andímilos består berre av trakytt, og vert ofte kalla Erimómilos (‘Ørkenmilos’). Ho er ei vulkansk øy og krateret er framleis synleg. I antikken omforma innbyggjarar på øya krateret om til eit ope regnreservoar. Ein sjeldan variant av geiter lever på øya i dag, ho liknar den kretiske geita kalla «kri-kri», men er ikkje den same.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Antimilos» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august.