Anders Arnesson Vinje

Anders Arnesson Vinje (17. juni 17792. februar 1833) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Vossestrand i Hordaland.

Anders Arnesson Vinje
Fødd 17. juni 1779
Død

2. februar 1833 (53 år)

Yrke bonde, politikar

Far hans var gardbrukar i Aurland i Sogn frå då sonen var i barneåra. Sjølv deltok han i 1809–10 i krigen mot Sverige, der han vart korporal. I 1813 gifta han seg til garden Vinje i Voss, og var sidan gardbrukar der.

Han var 2. representant frå Søndre Bergenhus amtStortinget i 1827 og på omframstortinget 1828. I 1827 var han medlem av kyrkjekomiteen og av komiteen om brennevinsbrenning.

Han døydde på garden sin i Voss i 1833.

KjelderEndra