Anders Gotaas
Anders Bottolfsson Gotaas (20. februar 1768–28. februar 1850) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Skogn i Nord-Trøndelag.
Anders Gotaas | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. februar 1768 Skogn |
Død |
28. februar 1850 (82 år) |
Yrke | politikar, proprietær |
Språk | norsk |
Anders Gotaas var son til ein bonde på garden Gotås i Skogn. Han gifta seg i 1797? med enkja Wenke Marie Thode på godset Tautra i Frosta, som ligg på øya Tautra i Trondheimsfjorden. Dei neste vel 15 åra dreiv han godset, til dess han straks før 1814 selde det til ektemaken til stedottera. Sidan levde Gotaas på Tautra-godset til han døydde, på eit meir enn romsleg kår.
Kårmannen Gotaas var 3. representant for Nordre Trondhjems amt på det fyrste overordentlege Storting i 1814. I den eigenskap var han medlem av deputasjonen som møtte Kristian Frederik, 10. oktober 1814, då den abiserande kongen forlet Noreg.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Anders Gotaas NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv