Skogn
Skogn er ei bygd og tettstad i Levanger kommune i Trøndelag fylke. Folketalet i tettstaden er 1 975 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Skogn | |
tettstad | |
Utsikt mot Skogn frå Alstadhaug kyrkje
| |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Trøndelag |
Kommune | Levanger |
Areal | 1,11 km² |
Folketal | 1 975 (2017) |
Folketettleik | 1 779 / km² |
Postnummer | 7620 SKOGN |
Innbyggjarnamn | Skogning |
Preposisjon | på Skogn |
Wikimedia Commons: Skogn | |
Skogn var tidlegare eit prestegjeld i Sør-Innherad prosti i Nidaros bispedøme i Den norske kyrkja med sokna Alstadhaug, Ekne og Markabygda.
Skogn er det gamle namnet på det som i dag er Levanger og Mosvik kommunar. I yngre jarnalder (vikingtida) var namnet på området Skeynafylki. Området har alltid vore eit rikt jordbruksområde, og jordbruk er framleis ein viktig næringsveg i bygda.
Fram til 1836 tilsvara Skogn det som i dag er Levanger kommune bortsett frå Åsen. Då vart Levanger by skild ut som bykommune, og Levanger landsokn (seinare Frol) og Ytterøy vart skilde ut som eigne herad frå 1837.
I samband med kommunesamanslåingsprosessen på 50- og 60-talet vart det tale om å slå saman igjen herada og Levanger by til ein ny kommune. I tillegg vart Åsen herad med. Dette gjekk igjennom ganske udramatisk, mykje av di dei som planla å investere i ny papirfabrikk på Skogn la sterkt press for å få det til. Fire av kommunane gjekk saman i 1962, medan Ytterøy kom til i 1964.
Papirfabrikken Nordenfjelske treforedling starta i 1966, noko som vart oppstarten til Norske Skog.
Folk frå SkognEndra
- Anders Henriksson Sandstad, gardbrukar og stortingsmann
- Oscar Lynum, bilethoggar
- Gustav Sjaastad, statsråd
- Ragna Berget Jørgensen, stortingsrepresentant
- Eldar Rønning, langrennar