Anders Holte
Anders Nikolai Holte (28. august 1849–11. mai 1937) var ein norsk los som gjorde pionerarbeid innan kystnavigasjon. I 1890-åra utvikla han ein navigasjonsmetode som gjorde det mogeleg å segle om natta langs norskekysten. Dette gjorde at det var mogeleg for Richard With å segle i kontinuerleg rutefart. Metoden hans bestod i å notere tid og stad for alle kursendringar. Då skipet seinare kom inn i ein tåkebanke kunne Holte følgje sine eigne observasjonar og føre skipet trygt fram.
Anders Holte | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. august 1849 Trondenes kommune |
Død |
11. mai 1937 (87 år) |
Yrke | navigatør, los, skipsførar |
Holte var i 1892 kaptein for Haalogalands Dampskibsselskab og vart disponent i same selskapet frå 1903 til 1911. Holte var kystlos for Vesteraalske Dampskibsselskab frå 1911 til 1932.
Holte fekk Kongens fortenstmedalje i 1930. En bauta til minne om den driftige losen vart reist i Harstad sentrum i 1980.
Kjelder
endreHolte «Anders_Holte» i Store norske leksikon, snl.no.