Harstad kommune
Harstad, på nordsamisk Hárstták,[1] er ein kommune i Troms-området i Troms og Finnmark fylke. Han er etter folketal den nest største kommunen i fylket og den tredje største i Nord-Noreg. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg, og i 2013 med den tidlegare Bjarkøy kommune. Kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg, i tillegg til Grytøya, Bjarkøy, Sandsøya og ei rekkje mindre øyer.
Harstad kommune | |||
Hársttáid suohkan | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Adm.senter | Harstad | ||
Areal | 446 km² | ||
- land | 429 km² | ||
- vatn | 17 km² | ||
Folketal | 24 903 (1. januar 2023) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Kari-Anne Opsal (Ap) | ||
Kommunenr. | 5402 | ||
![]() Harstad kommune | |||
Wikimedia Commons: Harstad | |||
Nettstad: www.harstad.kommune.no | |||

Byen Harstad er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Lokalavisa i kommunen er Harstad Tidende.
Forsvaret Endra
Harstad er tidlegare forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:
- Befalsskolen for Infanteriet i Nord-Norge låg i Trondenes leir fram til han blei lagt ned sommaren 2003.
- Kystjegerkommandoen nyttar framleis Trondenes leir, men det har vore snakk om å flytta KJK til Tromsø.
- Forsvarets musikkorps Nord-Norge (også kjent som divisjonsmusikken)
- Forsvarets Lønnsadministrasjon
- Kystvakta KV «Harstad» har fått namnet sitt etter byen
Bydelar og bygder Endra
Harstad by har tolv bydelar: Trondenes, Sama, Harstadåsen, Skaret, Sentrum, Heggen, Seljestad, Harstadbotn, Åsby, Gangsås, Stangnes og Kanebogen.
Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.
Folketalsutvikling Endra
Sidan kommunesamanslåingane i 1964 var Harstad kommune den nest største kommunen i Troms etter folketal.
Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930:
1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3][4][5] | 1.1.1961[3][4][5] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
11 441a | 13 202a | 14 039a | 17 192 | 19 986 | 21 613 | 22 369 | 23 038 | 23 257 |
- a Talet omfattar ikkje eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.
Kjende harstadværingar Endra
- Hans Egede (1686–1758), «Grønlands apostel»
- Leif Bothner (1905-1986), Milorg-leiar
- Hanna Kvanmo (1926–2005), politikar
- Knut Andersen (1931–), filmregissør
- Leif Arne Heløe (1932–), politikar, sosialminister
- Tove Veierød (1940–), politikar, sosialminister
- Unni Wikan (1944–), professor i sosialantropologi
- Karl Erik Harr (1940–), biletkunstnar
- Unni Anisdahl (1947–), sportsreporter i NRK (radio)
- Kine Hellebust (1954–), songar, skodespelar
- Kristin Clemet (1957–), politikar
- Randi Hansen (1958–), popsongar
- Kjetil Rolness (1961–), artist, forfattar/skribent, kjend som «Jens Pikenes»
- Elisabeth Aspaker (f. 1962), politikar, EØS- og EU-ministar, fiskeriminister
- Lars A. Sandness (1973–), hip-hop-artist i Tungtvann, kjend som «Poppa-Lars»
- Jon Lech Johansen (1983–), kjend som «DVD-Jon»
- K.M. Myrland (1948–), visesongar
- Runar Normann (1978–), fotballspelar
- Iren Reppen (1965–), artist, forfattar
- Odd Børre Sørensen («Rocke-Børre»), popsongar
- Reidar Thomassen («Richard Macker») (1939–), forfattar
Verdt å sjå Endra
Fotnotar Endra
- ↑ Fastsetting av samisk navn på Harstad kommune, Troms. Vitja 8. september 2018.
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Harstad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengd i Trondenes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå