Anders Svor Museum

museum med skulpturar av Anders Svor

Anders Svor Museum i Volda er eit kunstmuseum, oppført til minne om bilethoggaren Anders Svor, som var frå bygda. Museumsbygget, som inneheld dei fleste av arbeida til bilethoggaren, i alt 450 arbeid, vart opna i Hornindal i 1953.

Anders Svor Museum

Museet med skulpturar i hagen
StadGrodås i Hornindal
Skipa1953
Kart
Anders Svor Museum
61°57′55″N 6°31′26″E / 61.96539°N 6.52397°E / 61.96539; 6.52397

I 1992 vart museet utvida og skulptursamlinga fekk betre utstillingsrom. Museet inneheld no også eit galleri med plass for eigne gjesteutstillingar.

Frå hagen ved museet
Frå hagen ved museet

Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Arbeida hans har ei naturalistisk form, ofte med eit romantisk drag. Anders Svor er ein av fylket sine mest viktige kunstnarar gjennom tidene, og ein sentral kunstnar i si samtid, forankra som han var i «den store tradisjonen». Han er representert kringom i landet med fleire større arbeid, mellom anna i Nasjonalgalleriet i Oslo.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Anders Svor Museum