Anders Venger
Anders Venger (5. januar 1872–23. februar 1935) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Eidsvoll. Han var landbruksminister 1923–24, arbeidsminister i 1926 og stortingsrepresentant 1919 frå Akershus fylke. Venger var viseformann i partiet Høgre 1920–25 og i mange år sentralstyremedlem.
Anders Venger | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 5. januar 1872 Eidsvoll kommune |
Død |
23. februar 1935 (63 år) |
Yrke | politikar, bonde |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Anders Venger på Commons |
Venger var son til ein storbonde. Åra 1893-96 var han bruksfullmektig i Hommelvik og deretter 1896-27 forvaltar av gods i Eidsvoll; Eidsvold Verk 1896–1902 og Berger Bruk 1902–27. Frå 1916 var han gardbrukar på farsgarden i Eidsvoll. Venger var heradsstyremedlem i Eidsvoll frå 1908 til 1934, og ordførar 1914–34.
I fire valbolkar, 1919-30, representerte Venger partiet Høgre på Stortinget. Den fyrste treårsbolken var han vald frå einmansskrinsen Øvre Romerike, sidan frå Akershus fylke. På Tinger var han 1919-21 medlem i Vegkomiteen. Deretter var han formann i Post- og telegrafkomitéen 1922–23 og på ny 1925–26. Venger var statsråd i Landbruksdepartementet i Otto B. Halvorsens andre regjering frå 6. mars til 30. mai 1923, og heldt fram i Abraham Berges regjering frå 30. mai 1923 til 25. juli 1924. Venger kom så tilbake som statsråd i Arbeidsdepartementet i Ivar Lykkes regjering fra 5. mars til 26. juli 1926. Valbolken 1928-30 hadde han plass i Finanskomiteen på Stortinget.
Venger hadde fleire verv i ulike bonde- og landbruksorganisasjonar, mellom anna var han 1914-23 formann i Akershus Landhusholdningsselskap og styreformann i Felleskjøpet.
Han vart utnemnd til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1924.
Kjelder
endre- Biografisk informasjon om Anders Venger NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv