Akershus fylke

tidlegare fylke i Noreg
«Akershus» omdirigerer hit. For festningsanlegget i Oslo, sjå Akershus festning.

Akershus fylke er eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa til Hedmark i nord, Oppland i nord-vest, Buskerud i vest, Oslo i sør-vest og Østfold i sør-aust. I aust grensa fylket til Värmlands län i Sverige. Det blei del av nye Viken fylke 1. januar 2020.

Akershus fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Del av Austlandet
Adm.senter Oslo
Areal 4 918 km²
 - land 4 620 km²
 - vatn 298 km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Valgerd S. Haugland
(felles for Oslo og Akershus)
Fylkesordførar Nils Aa. Jegstad (H)
Fylkesnummer 02
Kart
Akershus fylke
60° N 11° E
Wikimedia Commons: Akershus
Nettstad: www.akershus.no

Akershus var samansett av to fråskilde delar som var skilde frå kvarandre av fylket Oslo og av Indre Oslofjord. Mellom dei to fylka Oslo og Buskerud danna dei to kommunane Asker og Bærum til saman ein eksklave i vest, «Vestregionen», som vanlegvis vert omtala med fellesnemninga Asker og Bærum. Aust og sør for Oslo ligg regionane Romerike og Follo.

Akershus og OsloEndra

Akershus som fylke var nært knytt til Oslo. Så nær var tilknytinga at administrasjonen låg i Oslo. Fylkeskommunen heldt til i «Galleriet», same bygg som hovudbusstasjonen i Oslo. Gamle Aker herad var ein del av Akershus fylke og omfatta fram til 1. januar 1948 store delar av det noverande Oslo. Aker herad omfatta sokna Ullern, Vestre Aker, Østre Aker og Nordstrand. Vestre Aker strekte seg heilt inn i sentrum av byen, til Studenterlunden. Etter kvart kunne store delar av Akershus reknast inn i eit Stor-Oslo.

HistorieEndra

Akershus len blei oppretta på 1500-talet og femna attåt det som er Akershus i dag også det som i dag er Hedmark Oppland, Buskerud og Oslo. I 1662 blei Akershus amt oppretta, og i 1685 blei Buskeruds amt skilt ut som eige amt. I 1768 blei Hedmark og Oppland skilt ut til Oplandenes amt, og daverande Christiania blei skilt ut frå Akershus i 1842. 1. januar 1919 fall nemninga amt bort og blei erstatta med nemninga fylke.

Namn og symbolEndra

Namnet på Akershus fylke kjem opphavleg frå Akershus festning. Ordet «Akershus» er samansett av det norrøne ordet akr som tyder åker, og hús i tydinga borg eller kastell.

Våpenet til Akershus fylke synar ein trappegavl i sølv på blå bakgrunn, der trappegavlen er basert på konturen av Akershus festning. Det er teikna av Finn Fagerli og blei fastsett under kongeleg resolusjon 11. desember 1987.[1]

KommunarEndra

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
0211   Vestby Vestby 134 bokmål Follo
0213   Ski Ski 166 nøytral Follo
0214   Ås Ås 103 nøytral Follo
0215   Frogn Drøbak 86 bokmål Follo
0216   Nesodden Nesoddtangen 61 bokmål Follo
0217   Oppegård Kolbotn 37 bokmål Follo
0219   Bærum Sandvika 192 bokmål Vest
0220   Asker Asker 101 bokmål Vest
0221   Aurskog-Høland Bjørkelangen 962 bokmål Nedre Romerike
0226   Sørum Sørumsand 207 nøytral Nedre Romerike
0227   Fet Fetsund 176 bokmål Nedre Romerike
0228   Rælingen Fjerdingby 72 nøytral Nedre Romerike
0229   Enebakk Kirkebygda 233 bokmål Follo
0230   Lørenskog Kjenn 71 nøytral Nedre Romerike
0231   Skedsmo Lillestrøm 77 bokmål Nedre Romerike
0233   Nittedal Rotnes 186 bokmål Nedre Romerike
0234   Gjerdrum Ask 83 bokmål Øvre Romerike
0235   Ullensaker Jessheim 252 bokmål Øvre Romerike
0236   Nes Årnes 637 bokmål Øvre Romerike
0237   Eidsvoll Eidsvoll 457 bokmål Øvre Romerike
0238   Nannestad Teigebyen 341 bokmål Øvre Romerike
0239   Hurdal Torget i Hurdal 285 bokmål Øvre Romerike
Totalt   Akershus Oslo ' 000000000004918.00000000004 918 nøytral Akershus

TettstaderEndra

Det er fire byar i fylket, Drøbak, Lillestrøm, Ski og Sandvika. Både Lillestrøm og Sandvika høyrer med til tettstaden Oslo.

KlimaEndra

Akershus har eit kontinentalklima, men Mjøsa og Oslofjorden dempar og forseinkar vinterkulda i nærliggande område. Middeltemperaturen for januar varierer frå kring -4 °C nær Oslofjorden til kring -8 °C dei skjerma nordlege områda. Juli er den varmaste månaden med ein middeltemperatur på 15-17 °C, høgast i låglandet kring Oslofjorden, som er den høgaste middeltemperaturen i heile landet.

Dei lågtliggande områda får under 700 mm nedbør i året, medan dei høgaste åsane kan få opp mot 1200 mm. Mars er den tørraste månaden med 30-40 mm, medan august gjerne er den våtaste månaden med over 100 mm fleire stader.

Mjøsa, Vorma og Oslofjorden er av dei mange fuktkjeldene i fylket som gjer at det vert relativt mykje tåke. Mest tåke er det om hausten og tidleg på vinteren og årsmiddelet i låglandet er 3-6 %.

KjelderEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Akershus fylke