Andorransk geografi

Andorra er med ei flatevidd på 468 km² eitt av verdas minste land. Mesteparten av Andorra er kupert fjellterreng, og landet har ein gjennomsnittshøgd over havet på 1 996 meter. Tre smale dalar går saman til Valiraelva, som er det lågaste punktet i Andorra med 870 meter over havet. Elva går vidare inn i Spania.

Kart over Andorra
Satellittbilete av Andorra

Landet har eit temperert klima, men noko lågare temperaturar enn grannelanda på grunn av høgda, så det kjem gjerne snø om vinteren. Sommaren er derimot tørr og varm.

Posisjon
Sørvest-Europa, mellom Frankrike og Spania
Koordinatar
42°30′N 1°30′E
Kartreferanse
Europa
Flatevidd
  • Totalt: 468 km²
  • Land: 468 km²
  • Vatn: 0 km²
Landegrenser
Kystlinje
0 km (omgitt av land)
Klima
Temperert; kalde vintrar med snø, og varme, tørre somrar.
Terreng
Kupert fjellterreng med smale dalar
Høgder
  • Lågaste punkt: Riu Runer 840 m
  • Høgaste punkt: Coma Pedrosa 2 946 m
Naturressursar
Vasskraft, mineralvatn, tømmer, jernmalm, og bly.
Arealbruk
  • Dyrkande jord: 2,2 %
  • Permanente avlingar: 0 %
  • Permanente beite: 45 %
  • Skogområde: 35 %
  • Andre: 16 % (1998 estimat)
Naturskadar
Laviner, snøras
Miljøspørsmål
Avskoging; overbeiting av fjellbeite fører til erosjon, luftforureining, kloakkbehandling og disponering av fast avfall.
Internasjonale miljøavtalar
  • Medlem av: Miljøfarleg avfall

KjelderEndra