André Louis Danjon
fransk astronom
André-Louis Danjon (6. april 1890–21. april 1967) var ein fransk astronom.
André-Louis Danjon | |||
| |||
Fødd | 6. april 1890 Caen | ||
---|---|---|---|
Død | 21. april 1967 (77 år) Suresnes | ||
Nasjonalitet | Frankrike fransk | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom, universitetslærar, fysikar, forskar | ||
Institusjonar | Université de Strasbourg Universitetet i Paris | ||
Alma mater | École normale supérieure Lycée Malherbe | ||
Doktorgradsrettleiar | Ernest Esclangon Aimé Cotton | ||
Kjend for | Danjon-skalaen | ||
Utmerkingar | Royal Astronomical Society sin gullmedalje i 1958 | ||
Medlem | Det franske vitskapsakademiet |
Han var direktør for observatoriet i Strasbourg frå 1930 til 1945, og for observatoriet i Paris frå 1945 til 1963 og professor ved Sorbonne frå 1946 til 1963. Danjon var president i International Astronomical Union 1955–1958. Dei viktigaste arbeidsområda hans var spektralklassifikasjon og astronomiske instrument.
Han fekk Prix Jules Janssen frå det franske astronomiske intituttet i 1950 og Royal Astronomical Society sin gullmedalje i 1958.
Kjelder
endre- André Louis Danjon. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. august 2014.