Universitetet i Paris

(Omdirigert frå Sorbonne)

Universitetet i Paris, kalla Sorbonne etter bygningen der det opphavleg heldt til, var eit universitet i Paris som låg på høgda Montagne Sainte-Geneviève. Det vart grunnlagt i 1253.

Universitetet i Paris
Coat of arms of the University of Paris.svg
Grunnlagt1253
St. Ursula-kapellet.
Lesesalen Saint-Jacques i universitetsbiblioteket.
Det store auditoriet.

Omorganisering i 1970–71 skapte 13 ulike universitet, der tre vidareførte Sorbonne-namnet:

  • Université Panthéon-Sorbonne (Université Paris I),
  • Université Sorbonne-Nouvelle (Université Paris III) og
  • Université Paris-Sorbonne (Université Paris IV).

To av universiteta, Université Paris-Sorbonne og Université Pierre-et-Marie-Curie (Université Paris VI), er frå 1. januar 2018 gått saman til Sorbonne Université.[1]

Det finst òg alliansar og grupper av lærestader og institusjonar, slik som Université Sorbonne-Paris-Cité, Sorbonne Universités og Hautes Écoles Sorbonne Arts et Métiers université.

HistorikkEndra

Paris-universitetet i mellomalderenEndra

Som andre av dei eldste universiteta i Europa blei ikkje Paris-universitetet grunnlagt ved ei kongeleg forordning eller ei pavebulle, men voks fram som eit selskap av lærde kring Notre-Dame, på same vis som kjøpmanns- og handverkarlaugea. I mellomalderen var det kjent som universitas magistrorum et scholarium, dvs. skulelauget.

Universitetet, som saman med universitetet i Bologna blei eit mønster for alle seinare universitet i mellomalderen, hadde fire fakultet: kunst, medisin, jus og teologi. Studentane blei delt inn i fire nasjonar etter språk og opphavsområde; Frankrike, Normandie, Picardie og England. Den engelske nasjonen omfatta også studentar frå Tyskland, Skandinavia og Aust-Europa. Paris-universitetet blei snart det fremste lærdomssetet i Europa, og på 1200-talet hadde Paris 20 000 utanlandske studentar. Området rundt universitetet blei etter kvart kalla Quartier latin, eller Latinarkvarteret, etter språket brukt av studentenes og dei lærde.

Collège de SorbonneEndra

Collège de Sorbonne blei grunnlagt av Robert de Sorbon i 1257 for å utdanna teologar.

Sorbonne fekk etter kvart ry som den fremste teologiske institusjonen i Frankrike, og blei ofte spurd i kyrkjelege og teologiske lærespørsmål. På 1620-talet sørga kardinal Richelieu for ei opprusting av Sorbonne, og dei eldste bygningane på området stammar frå denne tida. Kapellet blei bygd til hans ære, og Richelieu er sjølv gravlagd her.

Det nære sambandet til kyrkja førte til at Sorbonne blei stengt under [[den franske revolusjon]en]. Napoleon gjenopna Sorbonne i 1808 og gjorde det til ein del av Universitetet i Paris. Mellom 1808 og 1885 tente Sorbonne som sete for det teologiske fakultetetet og for Académie de Paris. På slutten av 1800-talet blei alle band til kyrkja løyste, og den frie stillinga til universitetet blei sikra.

Andre kollegiumEndra

Utanom det berømte Collège de Sorbonne var det andre collegia. Nokre tente eit rent praktisk føremål, som mat og innkvartering for studentane. Det var åtte eller ni collegia for utanlandske studentar, det eldste var Collegium danicum, grunnlagt i 1257. For svenske studentar var det på 1200- og 1300-talet tre kollegium, Collegium Upsaliense, Collegium Scarense og Collegium Lincopense for studentar frå dei tre katedralskulane i Uppsala, Skara og Linköping. Det tyske kollegiet, Collegium alemanicum, er nemnt i 1345, det skotske Collegium scoticum blei grunnlagt i 1325 og det lombardiske Collegium lombardicum i 1330-åra. Collegium constantinopolitanum blei grunnlagt på 1200-talet for å fremja gjenforeininga av dei austlige og vestlege kyrkjesamfunna. Det blei senere omorganisert som ein fransk institusjon, Collège de la Marche-Winville.

Nyare tidEndra

Under den tyske okkupasjonen 1940-1944 blei universitetet stengt for fyrste gong i historia. Det skjedde igjen under studentopptøyane i 1968. Den 3. mai 1968 bauøt det ut opptøyar inne på universitetsområdet etter at politiet hadde prøvd å stenga eit politisk møte. Fakultetsbygningane blei okkupert av studentane, og Sorbonne blei kommandosentral for opprøret som snart spreidde seg til gatene i Paris og til fabrikkar over heile byen. 16. juni storma politiet universitetet og gjorde slutt på Paris-våren.

Som eit direkte resultat av opprøret kom nyorganiseringa av Paris-universitetet. I dag er Paris-Sorbonne hovudsakleg eit universitet for humaniora og samfunnsvitskap.

Omorganisering i 1970–1971Endra

Omorganisering i 1970–1971 skapte 13 ulike universitet, der tre vidareførte Sorbonne-namnet: Université Panthéon-Sorbonne (Université Paris I), Université Sorbonne-Nouvelle (Université Paris III) og Université Paris-Sorbonne (Université Paris IV). To av universiteta, Université Paris-Sorbonne og Université Pierre-et-Marie-Curie (Université Paris VI), gjekk frå 1. januar 2018 saman til Sorbonne Université.[2]

Per 2018 fanst det også alliansar og grupper av lærestader og institusjonar, slik som Université Sorbonne-Paris-Cité, Sorbonne Universités og Hautes Écoles Sorbonne Arts et Métiers université.

Paris-universiteta i dagEndra

Per 2019 bestod universitetssammenslutningen Sorbonne av følgjande 16 lærestader:[3]

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Décret n° 2017-596 du 21 avril 2017 portant création de l'université Sorbonne Université, Journal officiel de la République française, nr. 0096, 23. april 2017.
  2. Décret n° 2017-596 du 21 avril 2017 portant création de l'université Sorbonne Université, Journal officiel de la République française, nr. 0096, 23. april 2017.
  3. «Liste des Universités de Paris et d'Ile-de-France : nom, adresse, cours, diplômes...». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  4. «Université Panthéon-Sorbonne - Adresse Paris 1 - Cours droit, histoire, géographie, art, économie....». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  5. «Université Panthéon Assas - Adresse Paris 2 - Cours Droit, Science politique, gestion....Master, licence». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  6. «Université Sorbonne Nouvelle - Paris 3 - Adresse - Cours Art, Lettres, Langues...Master, Licence, Doctorat». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  7. «Sorbonne Université - Contact Sorbonne Université - Cours Lettres, Médecine, Sciences, Ingénierie». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  8. «Université Paris 8 - Adresse - Cours droit, communication, langues...Licence, Master». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  9. «Université Paris Dauphine - Adresse - Cours Droit, Gestion, Economie d'entreprise, Informatique...». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  10. «Université Paris Ouest - Nanterre La Défense - Adresse - Cours droit, histoire, gestion, économie». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  11. «Université Paris 11 - Adresse Paris Sud - Santé, Recherche scientifique, Laboratoire». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  12. «Université Paris 12 - Paris-Est Créteil Val de Marne - Adresse». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  13. «Université Paris Nord 13 - UP13 - 4 campus, Formation initiale, continue - Pole enseignement, Recherche». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  14. «Université Paris-Est Marne-la-Vallée (UPEM) - Formation Alternance, Insertion professionnelle». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  15. «Université de Versailles Saint-Quentin-en-Yvelines - Adresse - Cours Médecine, Droit, Science Po...». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  16. «Université d’Evry-Val-d’Essonne - Adresse - Apprentissage, Formation continue». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 
  17. «Université de Cergy-Pontoise - Adresse - Cours droit, économie, gestion, lettres, langues...». La Chancellerie des Universités de Paris. Henta 15. mars 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Universitetet i Paris