André Myhrer (fødd 11. januar 1983) er ein svensk alpin skirennar frå Bergsjö som vart olympisk meister i slalåm under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang.

André Myhrer

Statsborgarskap Sverige
Fødd 11. januar 1983 (41 år)
Bergsjö
Yrke alpinist, langrennsløpar
Høgd 189 centimeter
Nettstad http://www.andremyhrer.com
André Myhrer på Commons
André Myhrer

Myhrer spesialiserte seg i slalåm og kom på på femteplassen i øvinga under VM i alpine greiner 2005 i Bormio. Året etter enda han på delt fjerdeplass i Vinter-OL i Torino. Den 3. desember 2006 rann han ned til sin fyrste siger i eit verdscuprenn, i Beaver Creek i USA.

Myhrer kneip bronsemedaljen i slalåm då Vinter-OL 2010 fann stad i Vancouver. I tre alpine verdsmeisterskap på rad; 2013, 2015 og 2017 var Myhrer del av svenske mannskap som tok medalje i lagtevlinga. Han fekk VM-sølv i Schladming i 2013, der han elles vart fjerdemann i slalåmrennet. Både frå VM 2015 i Beaver Creek og i St. Moritz i 2017 reiste det svenske meannskapet heim med bronse frå lagtevlinga.

Nyårsdagen 2018 var Myhrer bestemann i ein parallellslalåm i Oslo, hans åttande triumf i eit verdscuprenn. Den 22. februar 2018 vann han den olympiske gullmedaljen i slalåm under vinterleikane 2018, etter at storfavorittane Marcel Hirscher og Henrik Kristoffersen missa i høvesvis fyrste og andre omgangen.

Kjelder endre