Andrés Iniesta
Andrés Iniesta Luján (fødd 11. mai 1984 i Fuentealbilla i Castilla-La Mancha) er ein spansk fotballspelar som har spela på midtbanen for Barcelona i Primera Division og for det spanske landslaget. Han har vunne seks spanske seriemeisterskap med Barcelona (2005, 2006, 2009, 2010, 2011 og 2013), den europeiske Meisterligaen tre gonger (2006, 2009 og 2011) og VM for klubblag to gonger (2009 og 2011. Han debuterte for Spania sitt A-landslag 27. mai 2006 i ein vennskapskamp mot Russland. I 2008 var han ein viktig spelar då Spania vann fotball-EM.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Andrés Iniesta Luján | ||
Fødd | 11. mai 1984 (40 år) | ||
Fødestad | Fuentealbilla | ||
Høgd | 170 cm | ||
Posisjon | Midtbane, ving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Barcelona | ||
Nummer | 8 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1994-96 1996-2001 |
Albacete Barcelona | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2002- | Barcelona | 271 (27) | |
Landslag | |||
2003-06 2006- |
Spania U21 Spania |
18 (6) 43 (6) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. mai 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. juni 2010 |
Det var Iniesta som skåra 1-0-målet som gav Spania sigeren mot Nederland i finalen i VM i fotball 2010 den 11. juli 2010 i Soccer City i Sør-Afrika. Målet kom i andre ekstraomgang, i det 116ande speleminuttet. I 2012 var Iniesta med på å vinna sin tredje store meisterskap då Spania vart europameister igjen, og han vart kåra til beste spelar i turneringa.
Bakgrunnsstoff
endre