FC Barcelona

fotballklubb i Barcelona, Spania
FC Barcelona
Camp Nou més que un club.jpg
Fullt namn Fútbol Club Barcelona
Kallenamn Barça, Azulgranas, Culés
Grunnlagd 1899
Heimebane Estadi Mediterrani,
Barcelona
(Kapasitet: 99 600)
President Josep Maria Bartomeu
Hovudtrenar Ernesto Valverde
Liga Primera División
Nettstad fcbarcelona.com
Heimedrakt
Bortedrakt

Futbol Club Barcelona er ein spansk (katalansk) fotballklubb. Heimebana Camp Nou ligg i byen Barcelona.

FC Barcelona er den største idrettsklubben i verda med over 130 000 medlemar frå heile verda. Fotballaget er det einaste som har delteke i europacupar uavbrote sidan byrjinga i 1955. Klubben sine andre lag (basketball, håndball, landhockey, friidrett, ishockey, innefotball, rugby, baseball, volleyball og kvinnefotball) har vunne ei rekkje titlar både nasjonalt og internasjonalt. FC Barcelona har 21 spanske seriemeisterskap, 25 sigrar i den spanske cupen, to sigrar i UEFA Champions League/Serievinnarcupen, fire i cupvinnarcupen og fire i UEFA-cupen.

HistorieEndra

 
Tilhengjarar i Barcelona-fargar
 
Barcelonaspelarar i kamp mot Real Club Celta de Vigo
 
Klubben sin typiske førsteellevar i 2005

FC Barcelona vart stifta den 29. november 1899 av sveitsaren Hans Gamper. Hans, som i Katalonia vert kalla Joan, var ein fotballentusiast og kom til Barcelona først i 1898 i samband med forretningar. Allereie i 1901 vann klubben sin første tittel.

Da den spanske ligaen (La Liga) vart stifta i 1929 vann FC Barcelona den første sesongen. Klubben fekk problem i tida etter den spanske borgarkrigen. Klubben følte seg ofte diskriminert i høve rivalen frå Castilla, Real Madrid.

Etter vanskelege år i etterkrigstida fekk klubben ei renessanse då nederlendaren Johan Cruijff kom til klubben i 1973. Den rekordhøge overgangssummen på £ 922 300 vart raskt gløymd då han leia FC Barcelona til ein 5-0-seier mot Real Madrid på Santiago Bernabéu, noko som sikra FC Barcelona serieimesterskapen.

Tidleg i 1990-åra vart FC Barcelona den leiande klubben i Spania, med fire seriemeisterskap på rad frå 1990 til 94, i tillegg til ein siger i Champions League. Klubben vart på denne tida leia av Cruyff.

SpelarstallEndra

24. februar 2020 [1]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   Marc-André ter Stegen
2   Nélson Semedo
3   Gerard Piqué
4   Ivan Rakitić
5   Sergio Busquets
6   Jean-Clair Todibo
7   Arda Turan
8   Arthur (overgang til Juventus 1. september 2020)
9   Luis Suárez
10   Lionel Messi  
11   Ousmane Dembélé
Nr. Posisjon Spelar
13   Neto
15   Clément Lenglet
16   Moussa Wagué
17   Antoine Griezmann
18   Jordi Alba
19   Martin Braithwaite
20   Sergi Roberto
21   Frenkie de Jong
22   Arturo Vidal
23   Samuel Umtiti
24   Júnior Firpo

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: FC Barcelona