Krønikebøkene
Krønikebøkene (hebraisk דברי הימים, Diḇrê hayyāmîm, 'Dagenes hendingar') er opphavleig éi bok i Den hebraiske Bibelen, delt opp i to i Det gamle testamentet: Første og Andre Krønikebok. I Bibelen følgjer Krønikebøkene etter Kongebøkene, deretter kjem Esras bok og Nehemjas bok, og slik slutter dei historieorienterte bøkene i Det gamle testamentet.[1] Saman med Esra og Nehemja utgjer Krønikebøkene det som blir kalla det kronistiske historieverket.
I jødiske Tanákh (Den hebraiske Bibelen) er Krønikebøkene den siste boka i Ketuvim («Skriftene»), som i seg sjølv er den siste tredelen av Tanákh. På midten av 200-talet f.Kr. omsette jødiske skriftlærde i Alexandria Tanákh til gresk, Septuaginta, og delte Krønikebøkene i to delar, I og II Paralipoménōn (Παραλειπομένων), «ting etterlatne på den eine sida».[2] Det norske namnet, Krønikebøkene, kjem frå Hieronymus på 400-talet e.Kr. i den latinske omsetjinga som kalla dei chronikon, ettersom ei krønike er ei historisk framstilling som skildrar hendingar i rekkjefølgja dei fann stad i. Den greske tittelen i Septuaginta viser til det som blei forbigått og utlate frå Samuelsbøkene og Kongebøkene, men Krønikebøkene er på ingen måte berre eit supplement til desse bøkene.
Krønikene byrjar ein genealogi (slektsregistrer) frå det aller første mennesket, [[Adam og Eva>Adam]], og fortset til ei bibelsk forteljing om historia til Israels og Judea (det sørlege og nordlege riket) i oldtida, og fram til kunngjeringa til Kyros den store (ca. 540 f.Kr.).
Samandrag
endreKrønikebøkene byrjar med forteljinga om Adam og gjev deretter ei bortimot fullstendig slektsliste fram til opprettinga av det første kongedømet Israel (Første krønikebok 1–9). Det meste av resten av Første krønikebok, etter ei kort reiegjering av Saul, tek for seg styret til David (Første krønikebok 11–29). Den neste lange seksjonen tek for seg sonen til David, Salomo (Andre krønikebok 1–9), og den siste delen handlar om kongedømet Judea med ein del referansar til det andre kongedømet Israel (Andre krønikebok 10–36). I det siste kapittelet er Judea øydelagt og folket er teke med tvang til Babylon. I dei siste versa erobrar den persiske kong Kyros den store det nybabylonske riket og tillet at dei landforviste kan reisa tilbake til heimlanda sine, og gjev ordre om at tempelet i Jerusalem skal restaurerast.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Krønikebøkene» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mai 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- Første Krønikebok ved bibel.no
- Andre Krønikebok ved bibel.no
- Litteratur
- Coggins, Richard J. (2003): «1 and 2 Chronicles», i: Dunn, James D. G.; Rogerson, John William: Eerdmans Commentary on the Bible, Eerdmans. ISBN 9780802837110.
- Japhet, Sara (1993): I and II Chronicles: A Commentary, SCM Press. ISBN 9780664226411.