Andrea Berntzen

norsk skodespelar

Andrea Berntzen (fødd 25. februar 1998) er ein norsk skodespelar. Ho vart kjend for hovudrolla som Kaja i Erik Poppes film Utøya 22. juli, og vart kåra til beste kvinnelege skodespelar under Amandaprisen 2018 for den rolla.[1]

Andrea Berntzen
Fødd25. februar 1998 (26 år)
Aktive år2017–
Verka somskodespelar

Berntzen har bakgrunn frå skulerevyen på Elvebakken vgs, og i 2017 vart ho kåra til årets kvinnelege skodespelar i Revykavalkadens oppsummering av skulerevyane i Oslo.[2]

I 2018 var Berntzen elev ved Romerike Folkehøgskole.[2] I 2021 spela ho rolla som «Marielle» i julekalenderen til TVNorge Nissene i bingen.[3]

Kjelder endre

  1. «Dette er årets Amanda-vinnere 2018». vg.no. 18. august 2018. Henta 25. august 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Andrea (19) er Utøya-ansiktet». Dagsavisen. 9. februar 2018. Henta 14. mars 2018. 
  3. «Eckbo med ny nissekalender». presse.discovery.no (på norsk). Discovery Norge. 10. juni 2021. Henta 8. desember 2021. 

Bakgrunnsstoff endre