Andrea Maria Schenkel
Andrea Maria Schenkel (fødd 21. mars 1962) er ein tysk forfattar frå Regensburg.
Andrea Maria Schenkel | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 21. mars 1962 (62 år) Regensburg |
Yrke | skribent |
Språk | tysk |
Andrea Maria Schenkel på Commons |
Schenkel debuterte i 2006 med kriminalromanen Tannöd (omsett til norsk som Mordgården, 2007), som bygde på ei uoppklara mordsak frå Hinterkaifeck. I januar 2008 hadde romanen selt i over 550 000 eksemplar, og blei løna med Deutscher Krimi Preis, Friedrich Glauser-Preis og The Martin Beck Award. Som lydbok blei han tildelt Corine-Weltbild-Leserpreis. Også den andre romanen til Schenkel, Kalteis (2007), fekk Deutscher Krimi Preis.
I samband med utgjevinga av Tannöd blei Schenkel skulda for plagiat av journalisten Peter Leuschner. Han gjekk til erstatningssøksmål på grunnlag av påstått likskapar med to dokumentarbøker han hadde skrive om Hinterkaifeck-morda, Hinterkaifeck. Deutschlands geheimnisvollster Mordfall (1978) og Der Mordfall Hinterkaifeck (1997). Saka blei avgjort til fordel for Schenkel i Münchner Landgerichts 20. februar 2008.[1]
Bibliografi
endre- Tannöd (2006)
- Kalteis (2007)
- Bunker (2009)
Omsetjingar til norsk
endreNorsk tittel | Utgitt | Omsetjar | Originaltittel | Utgitt |
Drapsgården | 2007 | Kari Bolstad | Tannöd | 2006 |
Prisar og utmerkingar
endre- Deutscher Krimi Preis 2007, for Tannöd
- Friedrich-Glauser-Preis for beste debutroman 2007, for Tannöd
- Corine 2007, for Tannöd
- Deutscher Krimi Preis 2008, for Kalteis
- The Martin Beck Award 2008, for Mordbyn (Tannöd)
Kjelder
endre- ↑ Richter sieht keine Verletzung des Urheberrechts Spiegel Online
- Denne artikkelen bygger på «Andrea Maria Schenkel» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juli 2023.