Andreea Mădălina Răducan (fødd 30. september 1983) er ein rumensk tidlegare turnar som vann fem gullmedaljar i verdsmeisterskapane 1999 og 2001, samt ein gullmedalje for Romania i lagtevlinga under Sommar-OL 2000.

Andreea Răducan


Statsborgarskap Romania
Fødd 30. september 1983 (40 år)
Barlad
Idrett turn
Tok del i

gymnastics at the 2000 Summer Olympics – women's vault

Răducan var med då Romania sigra i lagtevlinga i så vel Turn-VM 1999, som i Sydney-OL 2000 og i Turn-VM 2001. I 1999 vart ho også verdsmeister i frittståande og tok sølv i bom. Ved dei olympiske sommarleikane i Sydney bidrog ho sterkt til at Romania kneip fyrsteplassen i lagtevlinga framom det russiske mannskapet. Deretter gjekk ho heilt til topps i mangekampen, men ei veke seinare vart ho diskvalifisert då det i ei prøve vart funne restar av eit forbode stoff. Til sist i leikane vann ho sølv i hopp-øvinga. Frå Turn-VM 2001 reiste ho med tre gullmedaljar; bom, frittståande og med lag, dessutan fekk ho bronsemedaljen i mangekampen og i hopp.

Kjelder endre