Sydney
Sydney er hovudstad i den australske staten New South Wales. Det er òg den største og eldste byen i Australia, grunnlagd i 1788, men trass i dette er det Canberra som er hovudstad i Australia. Med over 4,8 millionar innbyggjarar, er Sydney-metropolen den største og mest innflytnadsrike av dei to australske sentera for finans, transport, handel og kultur (den andre er Melbourne).
Sydney | |||
by | |||
Operahuset og Sydney Harbour Bridge.
| |||
|
|||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Areal | 12 144,6 km² | ||
Folketal | 4 840 600 (2014) | ||
Grunnlagd | 1788 | ||
Tidssone | UTC +10 | ||
Sydney 33°52′04″S 151°12′36″E / 33.867777777778°S 151.21°E | |||
Wikimedia Commons: Sydney |
Det mest namngjetne landemerket i Sydney er Operahuset, som vart teikna av dansken Jørn Utzon.
Sydney er ein stor global og nasjonal turistdestinasjon og blir ofte omtala som ein av dei flottaste og mest pulserande byane i verda. Sydney var vertsstad for Sommar-OL 2000.
Sydney er òg kjend for dei flotte strendene sine like ved byen. Dei mest kjende er nok Bondi Beach og Manly Beach.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |