Andrew Johnson
Andrew Johnson (29. desember 1808–29. desember 1875) var ein politikar i USA som var president i landet frå 1865 til 1869. Han var den syttande i rekkja over presidentar.
Andrew Johnson | |||
| |||
President i USA | |||
Periode | 15. april 1865–4. mars 1869 | ||
---|---|---|---|
Parti | Det demokratiske partiet i USA, Det republikanske partiet, National Union Party | ||
Fødd | 29. desember 1808 | ||
Fødestad | Raleigh | ||
Død | 31. juli 1875 | ||
Dødsstad | Elizabethton | ||
Mor | Mary McDonough | ||
Far | Jacob Johnson | ||
Ektefelle | Eliza Johnson | ||
Barn | Martha Johnson Patterson, Charles Johnson, Mary Johnson, Robert Johnson, Andrew "Frank" Johnson, Jr. | ||
Føregangar | Abraham Lincoln | ||
Etterfølgjar | Ulysses S. Grant |
Johnson var visepresident under Abraham Lincoln, og vart president etter at Lincoln vart drepen i 1865. Han hadde ansvaret for oppbygginga og samlinga (Reconstruction) av landet etter borgarkrigen i USA. Under dette arbeidet fekk Johnson eit dårleg tilhøve til Kongressen. Av Representantanes hus vart han stilt for riksrett i 1868. Han vart frikjend i Senatet. Kritikarane meinte at han var for positiv til taparane i borgarkrigen.
I Johnson si tid som president vart kjøpet av Alaska frå Russland forhandla fram. Overdraginga fann stad den 18. oktober 1867, for 7 200 000 dollar.