Andrij Deryzemlja

Andrij Deryzemlja (fødd 18. august 1977 i Zjovtneve i Sumy oblast) er ein ukrainsk skiskyttar.

Andrij Deryzemlja


Statsborgarskap Ukraina
Fødd 18. august 1977 (46 år)
Mykolajivka
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Normaldistanse menn, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint menn

Utmerkingar

3. klasse av Ukrainas fortjenstorden, 1. klasse av Ukrainas fortjenstorden

Deryzemlja begynte med skiskyting då han var 11 år gamal. Han har vore på det ukrainske landslaget sidan 1996, då han òg debuterte i verdscupen. Han har deltatt i tre OL og ni VM i skiskyting. Første medalje i eit verdscuprenn kom i 1998/99-sesongen i sprinten i Holmenkollen. Sidan har det blitt ein del pallplasseringar, utan at han har oppnådd det store gjennombrotet enno. Han har vunne eit verdscuprenn, fellesstarten i Antholz/Anterselva i 2002/03-sesongen. I VM i 2007 same stad kom han på 3. plass på 20 km.

Han er gift og har ei dotter.

Kortfatta merittliste

endre

(per 3. februar 2007)