Andsnes

bygd i Loppa kommune i Finnmark

Andsnes er ei så godt som fråflytt bygd i Loppa kommune i Finnmark fylke. Bygda er den aller vestlegaste busetnaden i Finnmark fylke. Andsnes ligg ved Lopphavet, lengst vest på halvøya mellom fjorden Kvænangen og Lopphavet.

Andsnes

Andsnes har vegsamband til bygda Segelvik i Kvænangen kommune, tre kilometer sør for Andsnes. Bygda hadde i si tid postkontor ved namn Brynilen, i dag er postadressa 9186 Andsnes.

I fylgje folketeljinga 1910 budde 83 menneske i bygda, dei fleste sysselsett med fiskeri, nokre dreiv i tillegg med jordbruk. Her var også to landhandlarar. 1. januar 2017 hadde bygda berre ein fastbuande.[1]

Kjelder endre

  1. «Tabell: 04317: Folkemengde, etter grunnkrets». 20140112 Brynilen. Statistisk sentralbyrå. Henta 23. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff endre