Andy's Chest
Andy's Chest Song av Lou Reed frå albumet Transformer | ||
Utgjeve | 1972 | |
Innspelt | 1969 | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | RCA | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie, Mick Ronson |
«Andy's Chest» er ein song skriven av Lou Reed, inspirert mordforsøket på Andy Warhol i 1968. I juni dette året skaut den radikale feminist-forfattaren Valerie Solanas Warhol og Mario Amaya, ein kunstkritikar og kurator, i studioet til Warhol.[1]
Bandet The Velvet Underground som Reed var medlem av, spelte opphavleg inn songen i 1969, men den endelege versjonen kom ut i 1972 på Lou Reed-albumet Transformer, produsert av David Bowie og Mick Ronson.
Den originale innspelinga frå 1969 kom sidan ut på albumet VU i 1985, som ein livleg popsong.[2] Arrangementet på Transformer er meir langsamt med ein karaktertisk bass av Herbie Flowers og markant korvokal av David Bowie.
Medverkande
endre- Lou Reed: solovokal, rytmegitar
- David Bowie: korvokal
- Mick Ronson: sologitar
- Herbie Flowers: bass
- John Halsey: trommer
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Andy's Chest» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Schaffner, Ingrid (1999). The Essential Andy Warhol. New York City: Harry N. Abrams. s. 79. ISBN 0-8109-5806-6.
- ↑ «The Velvet Underground». Only Solitaire. Only Solitaire. Henta 29. mars 2022.